Avlsfremjande midlar frå Norges Fjordhestlag 2026
Dette er tilskota ein kan søke på i 2026:
Tilskot til jamnare genetisk bidrag
Lokallag i Norges Fjordhestlag som kjøper eller leiger hingst vil i 2025 kunne få kr. 20 000 i støtte. Lag kan få støtte til fleire hingstar. Følgjande krav gjeld for å kvalifisere til tilskot:
- Tilskotet omfattar alle førstegangskåra hingstar, samt hingstar maks 8 år som er kåra eller premiert med vekt på stamme eller farge.
- Hingsten må vere tilgjengeleg på slepp eller stasjon i minst 6 veker.
- Hingsten må bedekke 1-12 hopper.
- Hingsten må vere registrert som lagshingst i hingstekatalogen seinast 1. juni, eller så fort etter dette det er gjort avtale om leige/kjøp av hingst. Vi oppmodar også lokallag til å promotere lagshingsten i eigne kanalar.
- Dersom hingsten vert brukt på hopper der forventa innavslgrad på avkommet overstig 12,5%, kan tilskotet bil avkorta.
Kopi av bedekningslister og leige-/kjøpskontrakt skal sendast til Norges Fjordhestlag på e-post post@fjordhest.no seinast 1. oktober 2026.
Tilskot til bedekking av unge hopper
- 3-årshopper med sløyfe eller premiegrad: 1500 kr
- Premierte 4- og 5-årshopper: 1500 kr
- Hoppa treng ikkje vere premiert på bedekningstidspunktet, men må ha premiegrad innan søknadsfristen 1. oktober
Tilskot til bevaring av genetisk variasjon
- Premierte hopper 6 år og eldre med maks to registrerte avkom: 1500 kr
- Hoppa treng ikkje vere premiert på bedekningstidspunktet, men må ha premiegrad innan søknadsfristen 1. oktober
Tilskot til bevaring av stamme
- Hopper med 1. premie som blir bedekt med hingst maks 8 år som er kåra eller premiert med vekt på stamme: 6000 kr
- Hopper med 2. premie som blir bedekt med hingst maks 8 år som er kåra eller premiert med vekt på stamme: 3000 kr
- Tilskotet omfattar hingsten Endalen.
Tilskot til bevaring av farge
- 1. premiehopper som blir bedekt med raudblakk, gulblakk, ulsblakk eller grå hingst på maks 8 år: 5000 kr
- 2. premiehopper som blir bedekt med raudblakk, gulblakk, ulsblakk eller grå hingst på maks 8 år: 3000 kr
- Det vert ikkje gitt tilskot til kombinasjonar der avkommet kan bli blåaugd kvit (uls-/gulblakke hopper til uls-/gulblakk hingst).
- Tilskotet omfattar hingstane Sjangsis Elvin, Juvel Prinsen, Valegrå og Svingelens Gråne.
Ein må vere medlem i Norges Fjordhestlag for å kunne motta tilskot. Alle tilskota har søknadsfrist 1. oktober 2026.
Gå til søknadsskjema for avlstilskot for hoppeeigarar
Gå til søknadsskjema for avlstilskot for lokallag

