Medlemsbladet

 Medlemsbladet «Fjordhesten» kom for første gong ut i 1975, og vert i dag gitt ut fire gongar i året med eit opplag på 1200 eksemplar. «Fjordhesten» vert sendt ut til alle medlemmer i Norges Fjordhestlag. 

I «Fjordhesten» kan du lese nytt frå organisasjonen, reportasjar frå arrangement som hingsteutstillinga på Nordfjordeid, NM for fjordhest og utstillingar over hele landet. Bladet inneheld også intervju med fjordhestfolk og faglige reportasjar om hest generelt og fjordhest spesielt. 

Medlemmer må gjerne bidra til bladet ved å sende inn bilete, saker og debattinnlegg, eller tipse redaktøren om aktuelle tema å skrive om eller personar å intervjue. Det er også mogleg å bidra til spalten «Fjordhesten i mitt hjarte» ved å fylle ut skjemaet på lenkja.

Utgjevingsdatoar for Fjordhesten er 15. mars, 15. juni, 15. september og 15. desember. Innsendingsfrist for stoff og annonser er ein månad før utgjevingsdato.

 

Redaktør:  Ingvild Rydjord Hansen
E-post:  ingvildrh@hotmail.com
Telefon: 95 92 51 28

 

SPONSORAR

advertisement advertisement