Arbeidsgruppa utpeika av Norges Fjordhestlag, som skal revidere avlsplanen, har starta arbeidet. Dei ynskjer å å få tilbakemelding frå Fylkes- Distrikts- og Lokallag i Norges Fjordhestlag på 3 spørsmål innen 3. desember 2014.
Til
Fylkeslag i Norges Fjordhestlag
Distriktslag i Norges Fjordhestlag
Lokallag i Norges Fjordhestlag

Nordfjordeid 07.11.2014

Bakgrunn
I august i år kunngjorde Landbruks- og Matdepartementet at kåringslova i «Forskrift om godkjende  dyr av hestefamilien» skal takast vekk, og at kåringssystemet frå 1. januar 2015 ikkje lenger skal vere eit offentleg ansvar. Dette inneber at Norges Fjordhestlag, som har raseansvaret for fjordhesten, må ha ei revidering av  avlsplanen slik at den kan bli godkjend av Mattilsynet. Med bakgrunn i denne situasjonen har styret i Norges Fjordhestlag sett ned ei arbeidsgruppe som skal gjere dette arbeidet.

Gruppa :
Vidar Heggheim, leiar
Jonas Vevle
Katrine Haugaard
Steinar Furnes
Nils Ivar Dolvik
Asle Espe,  koordinator

Gruppa har fått dette mandatet:  Gruppa si oppgåve er å revidere avlsplan for fjordhest, hovudsakleg med omsyn til endring i «Forskrift om godkjente (reinavla/registrerte) dyr av hestefamilien.»

Arbeidet føreset:
–    at Norges Fjordhestlag framleis ynskjer å gjennomføre  ei form for kåring
–    at ein har eit mål om å gjennomføre full utstillingssesong i 2015
–    samarbeid på tvers av dei tre små nasjonale hesterasane
–    ein generell del av avlsplanen er felles for dei tre rasane
–    endelig forslag skal ut på høyring i distrikts-/fylkes- og lokallag etter handsaming i styret

Vi har starta arbeidet i gruppa og hatt fyrste møte. Det vart bestemt at neste arbeidsmøte blir 05.12.2014. På dette møtet hadde det vore til stor hjelp for oss å ha dykkar synspunkt på nokre sentrale spørsmål vedkomande avlsplanen.

Arbeidsgruppa har sterkt tidspress, og detaljar i avlsplanen (raseskildring o.l.) lyt ein difor kome attende til ved neste revisjon. Det gruppa vil ha fokus på no, er dei store linjene i planen, og fyrst og fremst kva type stambok/register vi skal ha for den norske fjordhesten i framtida. Og planen er jo sjølvsagt at dette skal ende ut i eit årsmøtevedtak.

Etter denne fyrste høyringa vil arbeidsgruppa lage eit utkast til ny avlsplan og leggje denne fram til styrehandsaming i NFL. Deretter er det som sagt naturleg å sende ut eit ferdig utkast til høyring, før endeleg vedtak vert gjort. Prosessen vil såleis verte så demokratisk som råd, ut frå føresetnadene.

Arbeidsgruppa bed om synspunkt på følgjande tre spørsmål:

1. Er det ønskjeleg at kåring av hingstar framleis skal vere eit viktig avlstiltak, og ein reiskap for å styre avlsarbeidet for fjordhest?
2. Stambok/register: Vedlagt ligg retningslinjer for registrering i Norsk Riksstambok for fjordhest. I oversynet vert det skissert eit A-register og eit B-register. Er det ønskjeleg å framleis praktisere dette regelverket? Kva endringar meiner de ev. bør gjerast? (Klikk for å åpne vedlegget)
3. Ei ev. deling/differensiering av stamboka vil kunne gje A-registrerte hestar fleire rettar enn B-registrerte, noko som etter alt å døme vil stimulere til bruk av kåra hingstar i avlen. Dette gjeld både i avlssamanheng og i brukssamanheng (utstillingsrett og retten til å starte NM). I gjeldande NM-statuttar står det at startande må ha kåra fedrar. Ser de føre dykk at slik praksis skal vidareførast? Kva eksklusive rettar meiner de generelt at A-registrerte hestar bør ha?

Vi bed om at svar vert sende til post@norsk-fjordhestsenter.no seinast 03.12.14

Beste helsing
Asle Espe – koordinator
for arbeidsgruppe revidering av avlsplan
Norges Fjordhestlag