Styret i Norges Fjordhestlag er i dag representert møte med Norsk Genressurssenter på Gardermoen. Dei tre nasjonale raseorganisasjonane, Norsk Fjordhestsenter og Norsk Hestesenter deltek i møtet.
Temaet er «Konservering av genmateriale – langtidslagring av hingstesæd av dei nasjonale hesterasene». Målet er å få i stand ein prosjekt-/framdriftsplan for dette arbeidet.

Seinare i juni vil styret vere representert i eit møte med Norsk Hestesenter og dei øvrige nasjonale raseorganisasjonane, der temaet er innavlsberekning, eventuelt samarbeid med NordGen/Genressurssenteret og bruk av dataverktøy i dette arbeidet.

Norges Fjordhestlag har også motteke brev frå Landbruks- og matdepartementet i samband med bevaring av dei norske hesterasene. LMD skal etablere ei gruppe som skal vurdere bevaringsarbeidet, der blant andre Norges Fjordhestlag er ønskt representert. Styret ser dette som svært viktig og ser positivt på at ein er invitert inn i arbeidet, som truleg vil ta til over sommaren.

Styret