Dei kappast om den gjeve tittelen, damene i Rosendal i dag. Framfor vogna
gjekk den stødige Vilde Vevle, ei fjordamerr som er dronningtittel verdig,
kusk var dronninga av Norges Fjordhestlag, Janne Seilen, og i vogna sat ikkje
mindre enn to skandinaviske dronningar – Sonja og Margrethe. Fjordhesten og
Norges Fjordhestlag var sjølvsagt tilstades for å gjere stas på dei kongelege
gjestane.