Norges Fjordhestlag takkar alle som har ført hoppa si til hingst i 2015 og som dermed har vore med på å betre situasjonen for fjordhesten dette året. Kvar einaste hoppe som blir bedekka og kvart einaste fødde føl er viktige bidrag i arbeidet for rasen. Vi ønskjer å synleggjere at vi verdset arbeidet ved å takke oppdrettarane spesielt for arbeidet dei legg ned for fjordhesten.

Lukke til med oppdrettet, og riktig godt nytt år til dykk alle!

Hilsen

Styret Norges Fjordhestlag