Norges Fjordhestlag er ein medlemsorganisasjon som arbeider for avl og bruk av fjordhest, samt å styrke fjordhesten sin posisjon nasjonalt og internasjonalt. Norges Fjordhestlag har det nasjonale og internasjonale ansvaret for å ta vare på fjordhesten som rase. Dette blir gjort gjennom å sørge for at fjordhesten vert halden reinrasa og frisk. Ein stimulerer til at fjordhesten vert allsidig brukt, og ein har utarbeidd avlsplan for rasen. Norges Fjordhestlag representerer fjordhestinteressene ovanfor styresmakter, samarbeidspartar og organisasjonar.
Laget er inndelt i fylkes-, distrikts- og lokallag, som arbeider for fjordhesten på lokalt plan. Ynskjer du å bli medlem i organisasjonen ta kontakt på post@norsk-fjordhestsenter.no eller ring 578 64800 for nærare informasjon.
Årsmøtet 2015 har gjort følgjande vedtak om satsane for medlemskontigenten for 2016 :
Hovudmedlem; kr. 600,-
Hustandmedlem: kr. 150,-
Juniormedlem ( opp til 25 år) kr. 250,-
Utanlanske medlemar: kr. 600,-
Lokal-, fylkes- og distriktslag : kr. 600,-
I løpet av året får du tilsendt fire medlemsblad, og bladet Fjordhesten inneheld variert stoff frå inn og utland for alle aldersgrupper . Her finn du informasjon frå utstillingane, NM, EM og andre arrangement, debatt innlegg og faste spalter. Norges Fjordhestlag har eiga nettside som heiter Fjordhestportalen www.fjordhest.no. Her blir ny nettbutikk med det første presentert, med gode medlemstilbud på ein mengde artiklar.
Norges Fjordhestlag og Fjordhesten treng deg som medlem, og saman kan vi i fellesskap arbeide for å sikre framtida til denne unike og allsidige nasjonale hesterasen.