Til alle utstillarar på hingsteutstillinga på Nordfjordeid 2016
Vi vil med dette ynskje alle utstillarar velkomne til hingsteutstillinga 05.05.-07.05. på Nordfjordeid. Påmeldinga pr. i dag er på -30- hingstar, og vi ser fram til ei flott utstilling. Utstillinga byrjar med lausmønstring og veterinærundersøkjing torsdag ettermiddag.

Stallplass
Tinging av stallplassar skjer ved å sende mail til steinarfurnes@hotmail.com eller
SMS på 90139957 og at kr. 500,- vert betalt inn på kontonr. 3790 10 55735, alt innan 03.05.16. Det er viktig at du merker betalinga med ”Hingsteutstilling”, utstiller og hesten sitt namn. Kvittering skal synast ved frammøte. Dei som ikkje let høyre frå seg innan den 03.05.2016, må syte for stallplass sjølve.

Hingstane som er inne til dei utvida bruksprøvene, skal sjølv avtale oppstalling ved Norsk Fjordhestsenter under utstillinga.

Det er mogligheit for oppstalling frå tysdag 03.Mai frå kl. 19.00, gi i så fall beskjed om når du kjem. Om ein ynskjer oppstalling utover dette må det avtalast ved reservering av stallplass, og prisen er kr. 50,-/ døgn. Det vil ikkje vere mogligheit for å sette hest på stall mellom kl 24.00 og 08.00, om det ikkje er avtala i god tid på førehand. Opplysningar vedr. oppstalling eller anna får du ved å ta kontakt med Steinar Furnes på telefon 90 13 99 57 eller e-post steinarfurnes@hotmail.com

Oppmøte
Ved frammøte vil det verte krevd eit depositum på kr. 100,- for nummerskilt og kr. 300,- for reingjering/tøming av stall. Vaksinasjonskort/hestepass må visast ved frammøte. Hingsten må vere grunnvaksinert og årleg revaksinert eller vere vaksinert i perioden 7-90 dagar før utstillinga. For framvising av gyldig vaksinasjonskort, betaling av depositum og utlevering av nummerskilt er sekretariatet ope Tysdag kl.19.00-22.00, Onsdag kl.12.00-21.00. og Torsdag kl 15.00-20.00 og Laurdag kl.12.00 til det er slutt. Om du ikkje kan møte i dette tidsrommet er sekretariatet ope etter avtale, kontakt sekretariatsansvarleg
Margrehte Garlid på telefon 92 31 66 61.

Travløp
Utstillingsnemda vil i år arrangere travløp for fjordhest på fredag kl 15.30. Vi håpar at det er mange som vil vere med, travløp har vist seg å vere populert blant publikum og er ein fin måte å få vise fram fjordhesten. Løpet er over to rundar rundt løpebana, med start parvis på kvar si langside. Premiering etter løpet i utstillingsringen.

Påmelding til Steinar Furnes på SMS 90 13 99 57 eller på e-post steinarfurnes@hotmail.com
Mønstring på hardt underlag
Hingstene skal mønstres på hardt underlag. Dette skjer torsdag og består i at hingstene mønstres i skritt og trav på asfaltstripa som er bak dommerbua. Det er viktig at alle følger med her slik at dette kan gå raskt unna. Mønstringa starter med 3-åringene, deretter kl.1a og 2a, hingstene skal mønstres i katalogrekkefølge innen disse klassene, se vedlagt tidsskjema.

Dei som ynskjer tilsendt bruksprøvereglement og/eller mønstringsbrosjyre kan ta kontakt med Norsk Hestesenter eller sjå www.nhest.no.

Publikumsmønstring
Fredag vil det bli eiga mønstring av hingstane for publikum. Alle utstillarar som vil delta på denne mønstringa melder seg på ved å fylle ut speakerinfo som blir levert til speaker Erhard Martin fredag morgon, evt sender skjema i god tid før utstillinga i e-post til erhalma@online.no . Speakerinfo blir lest opp når hingsten blir vist i ringen. Dommarane dømmer ikkje i denne klassa. Klassa er meint som eit tilbod der utstillar kan vise hingsten for publikum med eigen informasjon. Skjema for speakerinformasjon kan du laste ned her. Speakerinfo publikumsmønstring 2016.

Opptog
Det vil som tidlegare år blir opptog av hingstane gjennom Eid sentrum laurdag formiddag. I år vil det bli presentasjon av alle hingstane i Eidsgata, så vi oppmodar alle utstillarane om å stille i opptoget slik at dette blir ei stor og flott markering for publikum.

Utstillingsantrekk
Ein oppmodar alle utstillarar om å kle seg i korrekt utstillingsantrekk, dvs kvit skjorte, svart bukse og evt svart vest/jakke.

Elles ber ein utstillarar om å følgje oppsett tidsskjema for dagane. Evt endringar vil bli gjort kjent via speaker. Nærare informasjon kjem om kort tid.

Velkomne til flotte utstillingsdagar på Nordfjordeid!