_MG_3224

Årets EM for Fjordhest vert arrangert i Vilhelmsborg i Danmark 4.-7. august, og no er det klart kven som vil representere Noreg i lagkonkurransen. Det er aktivitetsutvalet i Norges Fjordhestlag som tek ut lag blant dei kvalfiserte ryttarane. Uttaket vert basert på konkurranseprestasjonar og ei fagleg vurdering. Du kan lese meir om kvalifikasjonskrav og anna info om EM her.

Ekvipasjene som skal representere Noreg i lagkonkurransen er:

Lag nr. 1:
Ida Elin Røstad Sunde og Kuling – Dressur
Merete Louise Sandem og Tord – Køyring
Trine Lillestøl Paulsen og Fannemels Argon – Sprang

Lag nr. 2:
Cassandre Bach-Gansmo og Flemming – Dressur
Erik Holmin og Stald Kiels Makker – Køyring
Karin Kleppe og Merinas Emil- Sprang
Lag nr. 3:
Mona Hatteland og Florian – Dressur
Åshild Standnes Magnes og Torsheims Kira – Køyring
Mette Lothe og Heimlunds Lieroy – Sprang

Reserve dressur: Cathrine M. Paulsen og Fredrik Hedevang
Reserve sprang: Hanne Elise Pedersen og Jakobgardens Hedina