Torsdag 4. august brakar det laust –  EM for fjordhest vert arrangert i Vilhelmsborg i Danmark. Frå Noreg reiser fjorten ekvipasjer for å kjempe om dei gjeve titlane, me har representantar i alle greinkonkurransene samt EM senior. Det ligg mykje hardt arbeid bak eit slikt stemne, og me er veldig glade for at så mange flotte fjordhestar reiser til Danmark for å vise seg fram. Takk til oppdrettarar, eigarar, trenarar og resten av støtteapparata, de gjer ein viktig jobb for fjordhesten! Me ynskjer alle ekvipasjane lukke til på EM!

Cassandre Bach-Gansmo og Flemming
f. 2006, e. Sofin u. Aarnesblakka
Startar: EM dressur senior

Flemming er ein 3. premiehingst som på sine ti leveår allereie har mange merittar å vise til. Med Cassandre som kusk og ryttar vart han kåra til beste unge fjordhest både som 4-, 5- og 6-åring. Saman tok dei gull under fjordhest-NM 2014 og sølv i 2016, og har medaljar i alle valørar frå lagkonkurransen.

Cassandre og Flemming satsar på dressur, og skal under EM starte dressur senior. Målet er å komme blant topp ti, men Cassandre seier ho er førebudd på hard konkurranse. Så lenge ho reiser heim med ei god kjensle og føler at ho har fått vist eit godt samspel mellom hest og rytter vil ho vere nøgd. Cassandre har delteke på tidligare EM med andre hestar, og tok gull i EM sprang med Mævind i 2006 og sølv i EM sprang med Kneist i 2009.

Foto: Ingvild N. Sveen

Foto: Ingvild N. Sveen

Mona Hatteland og Florian
f. 2005, e. Frederik Skovå u. Kvamejenta
Startar: EM dresssur senior

Mona har kjent Florian sidan han var åring, og kjøpte han då han var seks. Ho likar alle greinene, men dei rir mest dressur og det er også det dei skal starte under EM. Saman har dei vunne cupen til Jæren fjordhestlag i 2013 og Rogalandscupen i LA dressur i 2015. Dette er første EM for både hest og ryttar, og Mona håper å få ei god oppleving og meir erfaring av å delta på eit så stort stemne.

florian (1)

Erik Holmin og Stald Kiels Makker
f. 2007, e. Athos u. Stald Kiels Fe
Startar: EM køyring senior

Erik har vore trufast mot fjordhesten i mange år, og har drive med både avl og bruk. Han kjøpte hesten Stald Kiels Makker frå Danmark som toåring, og har stor tru på han som sportshest. Makker er innkjørt, temt og trent med mål om å verte ein god sportshest, men han har også vorte brukt til tømmerkøyring i skogen, kanefart og riding. Erik er utdanna køyreinstruktør frå Norsk Hestesenter, og hevdar at hans beste grein er presisjonskøyring.

makker

Karin Kleppe og Merinas Emil
f. 2005, e. Knapstaprinsen u. Merina
Startar: EM dressur senior og EM sprang senior

Når du omtrent får fjordhesten inn med morsmjølka er det ikkje så rart at engasjementet vert stort. Karin er oppveksen med ein bestefar som var ein svært ivrig hestekar, og som trettenåring kjøpte ho sin første hest, Espelina. Espelina er mormor til Merinas Emil, som Karin både har oppdretta og trent sjølv. Merinas Emil vart kåra som treåring, og hadde beste utvida bruksprøve og fekk 1. premie som fireåring. Både som 5- og 6-åring vart han kåra til beste unge fjordhest på NM. På sitt første EM skal ekvipasjen starte både sprang og dressur, samt ri sprang for eitt av Noreg sine tre lag. Sprang er nok deira sterkaste grein meiner Karin, men ho håper å kunne gjere ein god figur i dressur òg.

emil

Sylvia Kallekleiv Langeland og Freddi
f. 2005 e. Frederik Skovå u. Mai Evelyn
Startar: EM allround

Sylvia er 22 år og kjem frå Fana i Bergen, men er no busett på Ås i Akershus. Ho fekk Freddi i konfirmasjonsgåve frå foreldra sine då han var tre år. Dei har konkurrert saman sidan 2010, og på merittlista står blant anna gull NM senior 2015 og bronse i nordisk allround 2015. Favorittgreina til Sylvia er dressur, og målet med EM er å ha det kjekt, lære mykje og få mange nye erfaringar.

FB_IMG_1468276835035

Mette Lothe og Heimlunds Lieroy
f. 2001, e. Grimset Jarl u. Troya
Startar: EM sprang senior

Mette og Lieroy har vore ei ekvipasje i fem år, og dei har konkurrert saman i fire av dei. Dei har tidlegare delteke på to NM for fjordhest, men dette er deira første EM. Sprangriding er favorittgreina, og dei har ein høgderekord på 135 cm. På stemner startar dei 1 meter sprang og LB/LA dressur. Mette seier ho ikkje har høge forventningar til eigen prestasjon under EM, men håper sjølvsagt at ting skal klaffe både for henne og resten av den norske troppen.

lieroy

Åshild Standnes Magnes og Torsheims Kira
f. 2007, e. Haukaren u. Fjærlands Nina
Startar: EM køyring senior

Torsheims Kira vart fødd heime på stallen til Åshild i 2007. Ho har ridd og køyrd inn Kira sjølv, heile tida med eit mål om å utvikle ho best mogleg med tanke på bruk og konkurranse. Kira vart kåra til beste unge fjordhest på NM både som 4- og 5-åring. I 2015 tok dei sølv under NM fjordhest, og i år tok dei sølv under NM køyring for ponni. Kira har aldri delteke på EM før, men Åshild starta mor til Kira, Fjærlands Nina under EM i Vilhelmsborg for ti år sidan. Dei starta sprang, og vart nummer seks. Målet for årets EM er å ta medalje.

kira

Annike Mikkelsen og Blåtopps Aron
f. 2007, e. Idon Busklund u. Myrstads Amadea
Startar: EM allround
Emma Nyløy og Sofin
f. 2002, e. Knallfin u. Lauvdokka
Startar: EM allround

sofin
Hanne Elise Pedersen og Jakobgardens Hedina
f. 2001, e. Smedsmo Gråen u. Jakobgardens Hedda
Startar: EM sprang senior

Hanne og Hedina har vore eit team sidan 2008, og har starta konkurranser saman sidan 2009. Etter at Hanne byrja på Haugesunds Toppidrettsgymnas med sprangridning som idrett har ho satsa mest på sprangriding, som er greina dei skal starte under EM. Ekvipasjen har starta alle fjordhest-NM sidan 2011, og i 2014 vart dei greinmeister i sprang. EM er det første stemnet utanlands for begge to, og det viktigaste for Hanne er å skape ei god oppleving for både seg sjølv og hesten og å klare å ri fine runder.

hedina2

Foto: Ingvild N. Sveen

Cathrine M. Paulsen og Fredrik Hedevang
f. 2003, e. Florian Skovå u. Chenet Hedevang
Startar: EM dressur senior

Cathrine kjøpte Fredrik Hedevang frå Danmark i 2007. Dei har gjort mykje forskjellig saman, men etter ei skade på hesten for to år sidan har Cathrine berre satsa på dressurridinga. Å starte dressur under EM var ein motivasjon for å trene Fredrik tilbake i konkurranseform etter skade, og for Cathrine er det ein siger i seg sjølv berre å stille til start. Målet under konkurransen er å ri gode program og å få prosentar dei kan vere stolte av.

fredrik
Trine Lillestøl Paulsen og Fannemels Argon
f. 2001, e. Rånnar u. Heidi
Startar: EM sprang senior

Trine og Argon har vore eit team i tolv år, og har konkurrert saman sidan 2009. På konkurransebana har dei blant anna vunne 100 cm-cupen og KM sprang i Sogn og Fjordane, vunne greinmeisterskapen i sprang under fjordhest-NM to gongar og tatt to laggull for Førde køyre- og rideklubb under fjordhest-NM. Målet deira under EM er å få plassering, men det viktigaste er sjølvsagt å ha det kjekt og å samle nye erfaringar.

_MG_3224

Merete Louise Sandem og Tord
f. 2004, e. Kneist u. Tina Frå Helgås
Startar: EM køyring senior og EM allround

Ida Elin Røstad Sunde og Kuling
f. 2006 e. Dalargutt u. Selma Ros
Startar: EM dressur senior

Kuling er ein 2. premiehingst som Ida har konkurrert med i seks år. Dressur er deira sterkaste grein, og det er også den greina dei satsar mot og skal starte under EM. Under årets fjordhest-NM vart Ida og Kuling greinmeister i dressur. Ida håpar på ein pallplass under EM, men seier at det viktigaste er å gjere sitt beste og å ha ein god flyt i programmet.

Kuling1