Norges Fjordhestlag søkjer etter ny redaktør for Fjordhesten frå og med 01.03.2016. Fjordhesten er eit medlemsblad for Norges Fjordhestlag, og styret er ansvarleg utgjevar. Bladet kjem ut fire gangar i løpet av året, og redaktøren har ansvar for å skrive og skaffe relevant stoff, samt ta imot tilsendt bidrag. Medlemsbladet skal gjerast klart til utgjeving i god tid før trykking og utsending innen tidsfristen. Redaktøren må vere tilstades på dei viktigaste arrangementa til Norges Fjordhestlag som NM, utstillingane, Haustmøtet og Årsmøtet.

Det er ein fordel at redaktøren har kjennskap til Fjordhesten og miljøet rundt. Redaktøren må vere strukturert, samarbeidsvillig, effektiv og ryddig. Vi ønskjer kompetanse og erfaring innan redaksjonelt arbeid, marknadsarbeid, fotografering og ha kjennskap til bruk av data- og ikt- verktøy . Godtgjerdsle etter avtale.

For nærare informasjon kontakt leiar i NFL Janne Seilen eller på epost: post@fjordhest.no.

Send søknad til post@fjordhest.no innan 1. november.