Sunnfjord Fjordhestlag arrangerte eit flott unghestskue på Mo i Førde 29. april. Dommarar var Asle Espe og Arne Eide. Tusen takk til Inger Grønntun som har sendt inn resultat og bilete.
Fjordhest – Toårshingstar:
Katalognummer 4 – Bjørkely Prinsen (Lauvprinsen – Rose)
Eigar: Harald Løtuft, Toril Øvrebø, Atle Ask og Monica Stubseid
Oppdrettar: Atle og Kari Ask
Omtale: Sterkbygd hingst av god type. Noko grov overgang hovud-hals. Elles god hals og overlinje. Godt kryss. Tåtrang frambeinsstilling, elles gode bein. Ledige, gode rørsler
Karakterar: 8-8-7,5-8-8
Premiering: Sløyfe, nummer 1 i kvalitet
Katalognummer 5 – Høgset Supermann (Sofin – Biola)
Eigar: Roger og Ingjerd Høgset Vetti og Kristine Hafstad
Oppdrettar: Ingjerd Høgset Vetti
Omtale: Harmonisk hingst av god/bra type. Litt tungt hovud, kort hals, elles god kropp. Tørre, velstilte bein. Lite overbein venstre frambein. Taktfaste, gode rørsler
Karakterar: 7,5-8-8-8-8
Premiering: Sløyfe, nummer 2 i kvalitet
Katalognummer 3 – Truls (Kamillas Tord – Sæles Karina)
Eigar og oppdrettar: Audun Bringeland
Omtale: Lettbygd hingst av bra type. Litt langt hovud. Breitt ansatt hals og umarkert manke, elles bra kropp. Kort, stivt skritt, bra trav. Inntåa venstre frambein, elles bra bein
Karakterar: 7-7,5-7-7-7
Premiering: Sløyfe
Fjordhest – Treårshopper:
Katalognummer 6 – Larstun Tiana (Rønning Gubben – Larstun Fiona)
Eigar: Marina Gjøringbø
Oppdrettar: Helge Olaf Gjøringbø
Omtale: Lågstilt, langlagd hoppe av bra hoppetype. Djup, sterkbygd kropp. Pent hovud, breitt ansatt hals, god overlinje. Svært ledig skritt. Ledig, noko kort trav. Trong frambeinsføring
Karakterar: 8-8-8-8,5-8
Premiering: Sløyfe, ekstrasløyfe, nummer 1 i kvalitet, pokal for beste treårshoppe i Sunnfjord
Fjordhest – Toårshopper:
Katalognummer 10 – Mykle Servis (Severin – Mykle Nina)
Eigar: Elisabeth J. Røst
Oppdrettar: Jan Even Myklebust
Omtale: Vakker hoppe av meget god type. Vakkert hovud, velforma hals, umarkert manke, godt kryss. Umarkerte framkne, elles gode bein. Meget godt skritt og trav
Karakterar: 9-9-8-9-9
Premiering: Sløyfe, ekstrasløyfe, nummer 1 i kvalitet, pokal for beste toårshoppe i Sunnfjord, Dagens hest
Katalognummer 7 – Larstun Tårdis (Kamillas Tord – Larstun Fiona)
Eigar: Monica Gjøringbø
Oppdrettar: Helge Olaf Gjøringbø
Omtale: Langlagd hoppe av meget god type. Pent hovud, noko underhals, elles meget god kropp. Moderat inntåa høgre frambein, elles gode bein. Godt skritt og trav
Karakterar: 9-9-8-8-8,5
Premiering: Sløyfe, ekstrasløyfe, nummer 2 i kvalitet
Katalognummer 9 – Torset Rosa (Kamillas Tord – Torset Ljosa)
Eigar: Svein Erik Hafstad
Oppdrettar: Helge Heggheim
Omtale: Oppsynt, høgstilt hoppe av meget god type. Pent hovud. Harmonisk, god kropp med god muskelsetnad. Tåvid høgre frambein, noko rette hasar, elles bra bein. Gode rørsler i skritt og trav. Noko skøytande høgre frambein
Karakterar: 9-9-7,5-8,5-8,5
Premiering: Sløyfe, ekstrasløyfe, nummer 3 i kvalitet
Katalognummer 8 – Masstun Brise (Kamillas Tord – Støylen Belinda)
Eigar og oppdrettar: Oddmund og Kjellfrid Støylen
Omtale: Lite utvikla hoppe av bra type. Gode rammer og utviklingspotensiale. Tungt hovud. Trange høver. Bra bein. Taktfast (?) kort skritt og trav
Karakterar: 7-7-7-7-7
Premiering: Sløyfe
Fjordhest – Åringshopper
Katalognummer 11 – Rasmusgardens Vilja (Brijol – Lovita)
Eigar: Anne Siril H. og Gunnar Bruland
Oppdrettar: Marita R. og John Olav Tynes
Omtale: Høgstilt og velutvikla hoppe med pent uttrykk. God bog og skulder, umarkert manke, noko rundt kryss. Velstilte bein. Godt skritt og aktivt, kort trav
Karakterar: 9-8-8-8-8
Premiering: Sløyfe, nummer 1 i kvalitet
Katalognummer 17 – Rakne Porsi (Major – Rakne Erla)
Eigar: Lasse L. Elvetun
Oppdrettar: Odd Magne Løseth
Omtale: Oppsynt hoppe av god type. Pent hovud, breitt ansatt hals, elles sterkbygd kropp. Velstilte bein. Ledig, meget godt skritt. Ledig trav
Karakterar: 8-8-8-8,5-8
Premiering: Sløyfe, nummer 2 i kvalitet, premie til Lasse L. Elvetun som beste mønstrar
Katalognummer 16 – Snødokka (Herman – Fenja)
Eigar og oppdrettar: Rasmus Felde
Omtale: Oppsynt hoppe med godt preg. Pent hovud, god hals og jamn, god kropp. Tåvid høgre, elles gode bein. Ledige rørsler
Karakterar: 8-8-8-8-8
Premiering: Sløyfe, nummer 3 i kvalitet
Katalognummer 12 – Møtte ikkje
Katalognummer 13 – Rakne Dua (Fjell Finn – Løkke Dokka)
Eigar og oppdrettar: Odd Magne Løseth
Omtale: Oppsynt hoppe med godt fjordhestpreg. Pent hovud, noko breitt ansatt hals, elles god kropp. Gode bein med noko anstrengte kodar. Litt stivt skritt og bra trav
Karakterar: 8,5-8-7-7-7,5
Premiering: Sløyfe
Katalognummer 14 – Nesviks Linnea (Frederik Skovå – Husvegline)
Eigar: Marie og Sofie Hagen
Oppdrettar: Stall Nesvik
Omtale: Oppsynt hoppe av god type. Velforma hals og god overlinje. Tåvid høgre frambein, elles bra bein. Bra skritt, kort trav
Karakterar: 8-8-7-7-8
Premiering: Sløyfe
Katalognummer 15 – Neskvita (Herman – Nes Ljosa)
Eigar og oppdrettar: Borgfinn Strandenes
Omtale: Oppsynt hoppe med godt preg. Langlagd god kropp. Føre bein med steile kodar. Anstrengde rørsler
Karakterar: 8-8-7-7-7,5
Premiering: Sløyfe
Flott å få resultater og gode bilder publisert så raskt ! Nå gleder.jeg meg til Breim. Så mye gode unghester !