Hingstane som vert kåra på Nordfjordeid, må året etter møte til utvida bruksprøver før dei kan oppnå premiegrad. Eitt av måla med fjordhestavlen er å lage allsidige og funksjonelle fjordhestar, og å kartlegge hingstane sine brukseigenskapar er eit viktig ledd i avlsarbeidet.
Den utvida bruksprøva varer i totalt tre dagar. Tysdag møtte hestane på Norsk Fjordhestsenter for å gjennomgå veterinærundersøkjing. Dei vert seinare testa i laushopping, dessurriding, riding i terreng (onsdag) og køyring (torsdag). Dei vert også observert på stall, og dei må igjennom ei eksteriørbedømming.
Etter å ha vore igjennom utvida bruksprøver, kan hingstane oppnå premie. Dersom dommarane meiner dei har gode brukseigenskapar og eit godt eksteriør, får dei premiegrad. Hingstane kan få 1., 2. eller 3. premie, og denne gir dei avlsgodkjenning livet ut. Dersom dei ikkje er gode nok, misser dei kåringsgrada si. Hingstar som ikkje oppnår premiegrad, har høve til å møte til ny kåring seinare.
Fem hingstar møtte til utvida bruksprøve i 2017, og alle gjekk igjennom veterinærsjekken tysdag.
Katalognummer 4: Alme Baronen
f. 2012, kåra i 2015
e. Fjelltor u. Aarnes Lerka
Oppdrettar: Dan-Ole Alme, Sandane
Eigar: Even Myklebust, Ørsta og Jorunn Alme, Os
Alme Baronen skulle ha gjennomført utvida bruksprøve i fjor, men han fekk eitt års utsetjing på grunn av ei skade. Alme Baronen hadde 22 hopper i 2015 og 8 i 2016.
Katalognummer 5: Sølrei
f. 2012, kåra i 2016
e. Reimar u. Engja Sølja
Oppdrettar: Terje Jørgensen, Vang på Hedmark
Eigar: Hege Næss, Vikersund
Sølrei vart i 2016 innleigd av Trøndelag Fjordhestlag, og han fekk totalt 6 hopper.
Katalognummer 6: Lavrans
f. 2013, kåra i 2016
e. Balder Mann u. Eir
Oppdrettar: Sølvi og Eivind Steinsletten, Dimmeslvik
Eigar: A/S Norsk Fjordhestsenter
Lavrans hadde 18 hopper i 2016. I år som i fjor vil han vere tilgjengeleg som seminhingst på Norsk Fjordhestsenter.
Katalognummer 7: Bråtens Bråfin
f. 2013, kåra i 2016
e. Fløgstad Odin u. Bråtens Trollmina
Oppdrettar: Marit Kristiansen og Reinert Skumsnes, Steinsholt
Eigar: Maren Løken, Furnes
Bråtens Bråfin hadde 4 hopper i 2016.
Katalognummer 8: Tord Dorteson
f. 2013, kåra i 2016
e. Ninjar u. Dorte Svidal
Oppdrettar: Olav Støylen, Vassenden
Eigar: Elisabeth Røst og Svein Erik Hafstad, Førde
Tord Dorteson sto til teneste som seminhingst på Norsk Fjordhestsenter i 2016. Der fekk han 10 hopper.
Hingstane Glød, Herr Fin og Højgaards Nicko vart også kåra under utstillinga i fjor. Alle desse tre vart eksportert etter fjorårets avlssesong, og møter difor ikkje til utvida bruksprøver i år. Dei bedekte høvesvis 14, 8 og 20 marar i fjor.