I november arrangerte Eid fjordhestlag Barnas Fjordhestdag på Løken Aktivitetsgard, der borna fekk lov til å stelle med fjordhest, klappe, kose, pusse og ri. Dei fekk køyre med hest og vogn og kose seg med dei andre dyra på garden. 

Det er frifondmidlane som Norges Fjordhestlag har fått tildelt som er med på å få dette i stand. Eid Fjordhestlag søkte om midlar i haust, som dei no brukar til dette. «Det er veldig kjekt å få invitere til ein hyggjeleg dag for små og store» seier Anne-Karin Løken, som eig og driv Løken Aktivitetsgard. «Vi ønskjer at flest mogleg skal få høve til å møte fjordhesten i trygge og trivelege rammer. I dag har vi hatt 23 born og ein haug med foreldre på garden, og det ser ut til at alle har kosa seg» seier ho.

Marte Starheimsæter er styremedlem i Eid fjordhestlag. Marte er også med i arbeidsgruppa for Barnas Fjordhestlag-satsinga. «For oss er det viktig at dette er eit lågterskeltilbod. Målet er at borna skal få kontakt med fjordhesten og oppdage gledene ved å stelle med denne barnevenlege hesten» seier ho.

Dufta av nysteikte sveler breidde seg etterkvart i stallen, og borna og foreldra som møtte fram fekk sveler, saft og kaffi. Sola stakk også fram ein liten gløtt for å gjere stas på arrangementet. Eid fjordhestlag håpar å få dette til fleire gongar. «Det skal ikkje så mykje til. Tryggleiken er viktig. Ut over det legg vi først og fremst vekt på trivsel og hygge. Møtet mellom ungane og hesten er ei oppleving i seg sjølv» seier Anne-Karin. «Tanken er å ha arrangement på fleire ulike stallar i lokalmiljøet» seier leiar i Eid fjordhestlag, Linda Beate Svoren. «Lokal forankring, lav terskel og høg trivselsfaktor er nøkkelen til dei gode opplevingane» meiner ho.

Andrepremiehingsten Kneist stilte opp med vogn og godt humør

 

Å få prøve å køyre hest var stor stas

Det var ikkje berre hestane på garden som fekk merksemd denne dagen.

Barnas Fjordhestlag har eigne sløyfer som ungane kan få på arrangementa.