Norsk Fjordhestsenter ønskjer velkomen til spennande kursdagar med fokus på avl, foring, eksteriør, helse og sjukdomar. Vi håpar at oppdrettarkonferansen skal engasjere hesteinteresserte frå heile landet og gje ei vitamininnsprøyting i forkant av årets avls- og utstillingssesong.

Flinke foredragshaldarar skal gje oss god oppdatering på mange felt. Førstelektor ved Veterinærhøgskulen, Siv Hanche- Olsen, har svært god kompetanse på indremedisin på hest, og ho har doktorgrad på polynevropati (silosjuke) på hest. Ho har tidlegare arbeidd på Veterinærhøgskulen i Sverige og på Bjerke Dyrehospital.

Fagkonsulent i Felleskjøpet Jenny Johnsen gjev gode tips om rett foring, og St. Hippolytt stiller med fagkonsulent Marianne Sønderkjær i tillegg til Kenneth Stenbro.

Susan Hellum har vore kurshaldar på mange kurs tidlegare på Norsk Fjordhestsenter, og ho vil formidle om eksteriør og fjordhesten sine preferansar. Alle som har vore på kurs med Susan er imponert over hennar store kunnskap om hest og hennar evne til å motivere og begeistre.

Det å ha hingst i avlsteneste krev kunnskap på mange område. Hingst og hoppe sine instinkt og si adferd, foring og trening er viktige tema å ha kunnskap om. Hingstehaldar med lang røynsle og god kompetanse, vil dele sin kunnskap med oss.

Søndag ettermiddag blir det orientering og salspresentasjon av hestane som har delteke på forprosjektet til «Prosjekt Kvalitetshest».

Her er programmet for konferansen. 

Fredag
18.00: Opning og registrering
18.15-19.15: Korleis fôre hesten riktig med praktiske og kostnadseffektive løysingar? Jenny Johnsen, fagkonsulent i Felleskjøpet, skildrar hesten sitt behov for grovfôr og påfyll med ekstra energi frå kraftfôr.
19.15-20.00: Utval av gode individ til avl og bruk. Ved Susan Hellum

Laurdag
9.00-10.30 Foring av hest med tanke på oppdrett, aktiv bruk og optimal helse – ved fagkonsulent Marianne Sønderkjær frå St. Hippolyt.
10.45-12.30 Hingsten i avlsteneste – kva treng vi å vite om instinkt, handtering, rutiner, fôring og trening?
12.30-13.30 Lunsj
13.30-14.30 Magesår og kolikk på hest – diagnostisering, behandling og forebygging – ved førstelektor Siv Hanche Olsen.
14.45 -17.00 Vektlegging på potensialet til unghestar. Ei samling av unghestar blir vurderte i ridehallen med omsyn til eksteriør og utviklingsstadium . Ved Susan Hellum.
17.00- 18.00 Mi erfaring med fjordhesten gjennom mange år som dommar. Ved Susan Hellum

Søndag
9.00-10.00 Polyneuropati/silosjuke på hest. Erfaringar frå forsøk og forebygging av sjukdomen. Ved førstelektor Siv Hanche Olsen.
10.00-11.00  Praktiske råd til eit godt oppdrett av fjordhest. Kva kan raseorganisasjonen Norges Fjordhestlag bidra med i rådgjevingsarbeidet? Ved Vidar Heggheim, leiar i avlsutvalet i Norges Fjordhestlag.
12.00-16.00 Presentasjon av salshestar i unghestprosjektet.

For nærare informasjon, ta kontakt med Norsk Fjordhestsenter på tlf. 578 64800 eller post@norsk-fjordhestsenter.no. Pris for deltaking på kursdelen er kr.1200,- inkludert lunsj laurdag og søndag. Klikk her for å kome til påmeldingsskjema.