Norges Fjordhestlag søkjer arrangør til landsfinalen for unghest 2018. I landsfinalen møter dei aller beste unge fjordhestane i Noreg for å konkurrere mot kvarandre. 

Landsfinalen kan arrangerast i samband med ei utstilling, eller som eit eige arrangement. Har du spørsmål, eller ynskjer du å søkje om å vere arrangør? Ta kontakt med Asle Espe på telefon 48038338 eller e-post asle.espe@norsk-fjordhestsenter.no.

Birkelid Huldra e. Kamillas Tord vart kåra til årets beste unghoppe under landsfinalen i Seljord i 2017.