Frå neste nummer får Norges Fjordhestlag sitt medlemsblad, «Fjordhesten», ny redaktør. Aurora Leivdal gir stafettpinnen vidare til Ingvild Rydjord Hansen.

Aurora Leivdal har arbeidd som redaktør for medlemsbladet det siste året.

Aurora Leivdal har arbeidd som redaktør for medlemsbladet «Fjordhesten» det siste året. No har ho vald å seie frå seg denne jobben på grunn av svangerskap. Ho har trivdes godt i jobben som redaktør, og ho syns det har vore veldig kjekt å sjå at saker spirer fram frå tips lesarane kjem med. «Det er ikkje så lett å få med seg alt som skjer både av arrangement og kvardagsgleder rundt omkring. Det er veldig kjekt når folk tek kontakt og fortel om noko dei driv med eller om noko som skjer i lokalmiljøet deira» seier ho. Aurora oppmodar også alle til å bidra med stoff til medlemsbladet. «Folk må ikkje vere redde for å sende inn ting, ein treng ikkje vere flink til å skrive tekstar for å bidra med noko. Nokre stikkord kan med litt arbeid ta form til ein fin tekst og bli spennande lesestoff i bladet» seier ho.

Den nye redaktøren for medlemsbladet heiter Ingvild Rydjord Hansen. Ho har dei siste åra vore redaktør for nettsida til Norges Fjordhestlag, og dette skal ho halde fram med  i tillegg til å skrive medlemsbladet. «Eg håpar å kunne bruke nettsida og bladet til litt ulike ting. Nokre saker er best å lese ferske og egnar seg best på nettsida, medan andre passar betre inn i bladet» seier ho.

Ingvild bur i Volda på Sunnmøre, og har to fjordhopper på to og sju år. Ingvild set stor pris på det gode lynnet til fjordhesten, og at den kan brukast til nesten kva som helst. Ho gler seg til å ta til som redaktør for medlemsbladet, og håper å kunne skrive mange interessante saker. «Medlemsbladet må speile den medlemsmassen vi har, med stor spreiing i alder, bustad og kva vi brukar fjordhesten til. Målet mitt er at alle skal finne noko dei synes er nyttig og kjekt å lese om i medlemsbladet» seier ho.

Du kan lese ein lengre presentasjon av Ingvild i siste nummer av medlemsbladet.

 

Ingvild Rydjord Hansen tek over som redaktør for medlemsbladet «Fjordhesten». Her er ho saman med hoppa Høgkronelvira.