Norges Fjordhestlag, Nordfjord Fjordhestlag v/utstillingsnemnda og Norsk Fjordhestsenter ynskjer alle varmt velkomne til hingsteutstillinga 1. – 5. mai 2018 på Nordfjordeid. Det er meldt 30 hingstar, og vi ser fram til ei flott utstilling.
Program:
Tysdag 1. mai
15.00 Frammøte av 4- og 5- årshingstar til utvida bruksprøve, Norsk Fjordhestsenter
16.00 Veterinærkontroll og informasjon UB-hingstar, Norsk Fjordhestsenter
18.00 Informasjonsmøte for eigarar, rytterar og kuskar
Onsdag 2. mai
08.30 Utvida bruksprøve med laushopping og rideprøve, Norsk Fjordhestenter
13.00 Internasjonal konferanse Fjordhorse International, Norsk Fjordhestenter
18.00 Årsmøte Fjordhorse International, Nordfjord Hotell
Torsdag 3. mai
08.00 Utvida bruksprøve med køyreprøver på Norsk Fjordhestsenter
11.00 Næringsforum – Hesten si rolle i samfunnet, Nordfjord Hotell
13.30 Årsmøte Norges Fjordhestlag, Nordfjord Hotell
13.00 Veterinærundersøking, utstillingsplassen/Øyane
14.00-16.00 Offisiell fotografering hingstar, Utstillingsplassen
15.30 Mønstring på hardt underlag på utstillingsplassen/Øyane
16.00 Show Fjordane Folkehøgskule, Norsk Fjordhestsenter
18.30 Lausmønstring i ridehallen, Norsk Fjordhestsenter
Fredag 4. mai
09.00 Klasssevis mønstring, einskilddøming og køyreprøver, Utstillingsplassen/Øyane
14.00 Uoffisiell showklasse for 2. årshingstar, Utstillingsplassen/Øyane
20.00 Utstillingsmiddag, Nordfjord Hotell
Laurdag 5. mai
10.00 Klassevis mønstring Utstillingsplassen/Øyane
11.00 Ulike aktivitetar i sentrum
11.30 Opptog av hingstane frå Øyane gjennom Eid sentrum
13.00 Kvalitetsoppstilling og premiering på utstillingsplassen/Øyane
Det kan kome endringar i programmet.
Saka held fram under biletet.
Det er mogleg å tinge campingplass ved utstillingsplassen. Meir informasjon og bestillingsskjema finn du her.
Informasjon til utstillarar:
Tinging av stallplassar skjer ved å sende mail til steinarfurnes@hotmail.com eller SMS på 90139957 og at kr. 500,- vert betalt inn på kontonr. 3790 10 55735, alt innan 30.04.17. Det er viktig at du merker betalinga med ”Hingsteutstilling”, utstillar og hesten sitt namn. Kvittering skal visast ved frammøte. Dei som ikkje let høyre frå seg innan den 29.04.2018, må syte for stallplass sjølve.
Hingstane som er inne til dei utvida bruksprøvene, skal sjølv avtale oppstalling ved Norsk Fjordhestsenter under utstillinga.
Det er moglegheit for oppstalling frå tysdag 01. mai frå kl. 19.00, gi i så fall beskjed om når du kjem. Om ein ynskjer oppstalling utover dette må det avtalast ved reservering av stallplass, og prisen er kr. 50,-/ døgn. Det vil ikkje vere moglegheit for å sette hest på stall mellom kl 24.00 og 08.00, om det ikkje er avtalt i god tid på førehand.
Kontaktinformasjon ved spørsmål om oppstalling eller anna:
Steinar Furnes, tlf.: 90 13 99 57, e-post steinarfurnes@hotmail.com
Kontaktinformasjon til sekreteriatet:
Margrethe Garlid, tlf.: 91 32 66 61.