29. april vart det arrangert unghestskue i Førde. Dommarar var Asle Espe og Kristen Vines.
Tusen takk til Inger Grønntun som har sendt oss resultat og bilete.
Fjordhest, åringshingstar:
Katalognummer 2 Nygårds Gurven
f. 2017 (Fjell Finn – Høylands Luna). Eigar og oppdrettar Sissel Marie Bruland Gurvin. Omtale: Høgstilt, langlagd hingst av svært god type. Godt uttrykk med godt kjønnspreg. Pent hovud, velforma hals og velliggande bog. Godt kryss. God overlinje. Velstilte gode bein og ledige rørsler.
Karakterar: 9-9-8-8,5-9. Sløyfe, nummer 1 i kvalitet, Dagens Hest
Katalognummer 3, Almas Blink
f. 2017 (Højgaards Nicko – Alma). Eigar Vidar Heggheim og Dan-Ole Alme, oppdrettar Dan-Ole Alme. Omtale: Langlagd hingst av god type. Pent hovud, velforma hals og velliggande bog. God overlinje og bakpart. Knapt middels føre velstilte bein. Ledig godt skritt og trav.
Karakterar: 8-8-8-9-8. Sløyfe, nummer 2 i kvalitet
Katalognummer 4, Birkelid Owen
f. 2017 (Lavrans – Birkelid Oda). Eigar og oppdrettar Vidar Heggheim. Omtale: Oppsynt hingst av god type. Godt uttrykk. Pent hovud. Middels lang hals med litt underhals. Elles god kropp med god muskelsetnad. Små hasar med anstrengde rørsler, elles bra bein. Lette rørsler i skritt og trav.
Karakterar: 8,5-8-7,5-8-8. Sløyfe, nummer 3 i kvalitet
Katalognummer 6, Sjurtun Ninjago
f. 2017 (Søljo – Birkelid Ninja). Eigar Kjell Ove og Bente Kusslid, oppdrettar Kjell Ove Kusslid. Omtale: Rasetypisk hingst med godt uttrykk. Pent hovud, middels lang hals med steil bog. Noko rett overlinje med god muskelsetnad. Litt inntåa venstre frambein, elles føre bein. Ledige rørsle i skritt og trav.
Karakterar: 8-7,5-7,5-8-8. Sløyfe, nummer 4 i kvalitet
Katalognummer 5, Norgrimas Suveren
f. 2017 (Severin – Finslands Norgrima). Eigar og oppdrettar Harald Løtuft. Omtale: Lågstilt, sterkbygd hingst av bra type. Pent hovud og fint uttrykk. Lavt ansatt hals. Noko lang lend, elles god kropp. Tåvid v. frambein, elles føre bein med markerte ledd. Ledige rørsler.
Karakterar: 7,5-8-8-8-8. Sløyfe, nummer 5 i kvalitet
Fjordhest, treårsmerrer:
Katalognummer 10, Mykle Servis
f. 2015 (Severin – Mykle Nina). Eigar: Elisabeth Juliebø Røst, oppdrettar Jan Even Myklebust. Omtale: Vakker hoppe med godt fjordhestpreg. Pent hovud med svært godt uttrykk. Noko steil (?) elles svært god kropp. Svært vegvinnande rytmisk skritt og ledig trav.
Karakterar: 9-8,5-8-9,5-9. Sløyfe, ekstrasløyfe, nummer 1 i kvalitet
Katalognummer 9, Torset Rosa
f. 2015 (Kamillas Tord – Torset Ljosa). Eigar Svein Erik Hafstad, oppdrettar Helge Heggheim. Omtale: Oppsynt, sterkbygd hoppe av god type. Pent hovud, middels lang velforma hals. God overlinje og bakpart. Gode bein. Ledige rørsler med god bruk av ledd.
Karakterar: 8,5-9-8-9-8,5. Sløyfe, ekstrasløyfe, nummer 2 i kvalitet
Katalognummer 8, Larstun Tårdis
f. 2015 (Kamillas Tord – Larstun Fiona). Eigar Monica Gjøringbø, oppdrettar Helge Olaf Gjøringbø. Omtale: Sterkbygd hoppe av god type. Pent hovud. Middels lang, breitt ansatt hals. God overlinje og god muskelsetnad i bakpart. Føre bein med moderat x-beint frambeinsstilling. Ledig skritt og trav.
Karakterar: 8-8-7-8-8. Sløyfe, nummer 3 i kvalitet
Fjordhest, toårsmerrer:
Katalognummer 15, Nesviks Linnea
f. 2016 (Frederik Skovå – Husvegline). Eigar Marie og Sofie Hagen, oppdrettar Stall Nesvik. Omtale: Velutvikla hoppe av god type. God hals med velliggande bog, rund manke. God overlinje og bakpart. Tåvid frambeinsstilling elles gode bein. Ledige gode rørsler.
Karakterar: 8-9-8-9-8,5. Sløyfe, ekstrasløyfe, nummer 1 i kvalitet. Premie for beste mønstring (Marie Hagen)
Katalognummer 13, Dolly Ljosa
f. 2016 (Fjell Finn – Sæles Karina). Eigar og oppdrettar Audun Bringeland. Omtale: Lågstilt, sterkbygd med godt fjordhestpreg. Pent hovud, velansatt hals og velliggande bog. God overlinje og god bakpart. Tåvid høgre fram, elles gode bein.
Karakterar: 8-8-8-7,5-8. Sløyfe, nummer 2 i kvalitet
Katalognummer 11, Rasmusgardens Vilja
f. 2016 (Brijol – Lovita). Eigar Anne Siril og Gunnar Bruland, oppdrettar Marita R. og John Olav Tynes. Omtale: Oppsynt hoppe med godt fjordhestpreg. Pent hovud, velforma hals og god bog. Kort avrunda kryss. Lang lend. Tåvid frambeinsstilling. Knapt middels føre bein, overbein høgre frambein. Ledig skritt, skøytande frambeinsføring.
Karakterar: 8-7,5-7-7,5-7,5. Sløyfe
Katalognummer 14, Rakne Dua
f. 2016 (Fjell Finn – Løkke Dokka). Eigar og oppdrettar Odd Magne Løseth. Omtale: Oppsynt hoppe av god type med pent uttrykk. Pent hovud, kort hals og steil bog, rund manke, elles bra kropp. Tåvid venstre frambein, rette hasar. Bra skritt og trav. Skøytande frambeinsføring.
Karakterar: 8-8-7-7-7,5. Sløyfe
Katalognummer 16, Snødokka
f. 2016 (Herman – Fenja). Eigar og oppdrettar Rasmus Felde. Omtale: Lågstilt hoppe med godt preg. Pent hovud. Lavt ansatt hals med umarkert bog og manke elles god overlinje og musklatur. Skeivheit i begge frambein. Bra skritt og trav.
Karakterar: 8-7,5-7-7-7,5. Sløyfe.
Katalognummer 17, Verona
f. 2016 (Major – Helgtuna). Eigar Vegard F. Hafstad, oppdrettar Svein Erik Hafstad. Omtale: Høgstilt hoppe av god type. Noko kort hals, elles god overlinje og bakpart og rundt manke. Korte anstrengde kodar og små høver. Bra skritt og trav med lite aksjon.
Karakterar: 8-7,5-7-7-7,5. Sløyfe
Fjordhest, åringsmerrer:
Katalognummer 19, Lykke
f. 2017 (Søljo – Bjuty). Eigar og opdrettar Rasmus Felde. Omtale: Oppsynt hoppe av god type. Pent hovud, middels lang velforma hals. For dagen noko overbygd, men elles god kropp med god muskulatur. Tåvid høgre frambein, elles gode bein. Ledige rørsle i skritt og trav.
Karakterar: 8-8-8-8-8. Sløyfe, nummer 1 i kvalitet
Katalognummer 18, Aasens Lea
f. 2017 (Severin – Vies Leonora). Eigar Tommy Aasen og Madelen Råheim, oppdrettar Tommy Aasen. Omtale: Feminin unghoppe med godt uttrykk. Pent hovud. Grov overgang hovud til hals. God kropp med god overlinje og muskulatur. Middels føre velstilte bein med små ledd. Korte, stive rørsler og stum i overlinja.
Karakterar: 8-8-7,5-6-7. Sløyfe