Utstillingsringane er sett opp. Både fjordhest og fjordhestfolk strøymer til Eid, som er pynta med fjordhestbannerar. Stemninga er stigande. Det er klart for årets vakraste eventyr og verdas største fjordhestfest – hingsteutstillinga på Nordfjordeid.
Anten du er på utstillinga og treng informasjon, eller sit heime og vil vite kva som skjer bør du følge med på Norges Fjordhestlag sine plattformar. Vi kjem til å oppdatere både Facebook-sida og nettsidene våre undervegs i utstillinga.
Vi set stor pris på at folk deler bilete og tankar frå hingsteutstillinga, og de må gjerne dele det med oss i Facebook-gruppa vår.
Her finn du informasjon om showklasse for toårshingstar.
Vi ynskjer fjordhestfolk frå fjern og nær hjarteleg velkomne til hingsteutstillinga!