Åtte hingstar er inne til utvida bruksprøver under årets hingsteutstilling. I dag vart testen opna med laushopping og rideprøver.

Alle hingstar som vil oppnå premiegrad må igjennom ei utvida bruksprøve der ein får kartlagt korleis brukseigenskapane deira er. Denne prøva vert gjennomført året etter hingstane vert kåra. Hingstane må igjennom mange ulike moment; laushopping, dressurriding, riding i terreng, arbeidskøyring og dressurkøyring. Under ridinga og køyringa vert hestane handtert av både eigar (eller annan person som eigar vel ut), og av ein framandrytter/-kusk frå Norsk Hestesenter. Dette er for å få samla inn så mykje informasjon om hestane sine brukseigenskapar.

Det er i år åtte hingstar som skal igjennom utvida bruksprøver; Højgaards  Nicko, Gorm Vårby, Hodne Lunar, Heggnes Balder, Birkelid Tullen, Herlig, Birkelid Nimo og Blikra Admiral Doffen. Samtlege gjekk gjennom veterinærsjekken i går, og møtte til laushopping og rideprøver i dag. Resten av utvida bruksprøver skjer i morgon. Då skal hingstane køyrast.

 

Højgaards Nicko

Gorm Vårby

Heggnes Balder

Birkelid Tullen

Herlig

Birkelid Nimo

Blikra Admiral Doffen

Højgaards Nicko i terrenget