Under årsmøtet i Norges Fjordhestlag torsdag vart Kristine Flittie Romslo vald inn som nytt styremedlem. Ho tek over etter Anne-Karin Løken, som har vore med i styret i seks år.
av Ingvild Rydjord Hansen
Kristine Flittie Romslo er 36 år og busett på Jessheim saman med dottera på 13. Då Kristine skulle kjøpe sin første hest hadde ho lyst på ein kjapp sportsponni, men på grunn av eit stramt budsjett enda ho opp med fjordhoppa Pernille (e. Brynar) i staden. At det vart fjordhest har ho ikkje angra eitt sekund på.
Kristine har konkurrert mykje med fjordhest, og har mellom anna deltatt på fleire Fjordhest-NM. Den fjordhesten som har gjort mest inntrykk på ho er vallaken «Sneip» (Bergulf e. Kneist), som ho har hatt på fôr. No er det ein annan Kneist-son som er sentral i livet til Kristine, nemleg den tre år gamle hingsten Nansen som ho stiller på hingsteutstillinga denne veka.
Kristine har tidlegare vore styremedlem i Oslo og Akershus fjordhestlag, og var med på å arrangere NM og Nordisk for fjordhest på Starum i 2011. No ser ho fram til å sitte i styret i Norges Fjordhestlag og arbeide for fjordhesten sitt beste på fleire områder. «Styret har dei siste åra bidratt til ei positiv utvikling for både fjordhesten og fjordhestlaget, og eg håper å kunne bidra til at denne utviklinga held fram» seier ho. «Det er fantastisk å vere med på å bevare ei særeiga, norsk hesterase som kan brukast til alt!»
Det nye styret i Norges Fjordhestlag ser slik ut:
Leiar: Janne Seilen
Styremedlem: Ben Hjelmervik
Styremedlem: Vidar Heggheim
Styremedlem: Lisbeth Strandum
Styremedlem: Kristine Flittie Romslo (ny)
1. vara: Ingvild Rydjord Hansen (ny)
2. vara: June Cecilie Horntvedt