Her finn du resultat og bilete frå unghestskue på Stend 27. mai.
Takk til Janne Seilen som har sendt oss resultat, og til Hedda Trønseth som har tatt bileta.
Hingstar 2 år
20 Langesæter Balder
e. Lauvprinsen u. Langesæter Frigg
Eigar og oppdrettar: Olav Langesæter, Skulestadmo
Oppsynt hingst av god type. Grov overgang hode/hals. Noko underhals. Jamn, god kropp, velliggende bog og god overlinje. Høveleg føre, velstilte bein. Gode bevegelsar med god bruk av ledd.
8-8-8-8-8 sløyfe I kval
22 Mikli Ymir
e. Major u. Juni Martine
Eigar og oppdrettar: Synnøve Moldskred, Frekhaug
Langlagt hingst av bra type, med noko svakt kjønnspreg. Fint hovud. Breidt ansett, noko kort hals. Jamn, god kropp med god muskelsetting. Tåvid VF, elles bra bein. Korte bakbeinsbevegelser i skritt og trav.
7,5-8-7,5-7,5-7,5, sløyfe
Hingstar 1 år
23 Hylland Tor
e. Bråtens Bråfin u. Støylen Blome
Eigar og oppdrettar: Britt Lilly og Nils Hylland, Voss
Oppsynt åring med noko tungt hovud. Noko kort hals med steil bog. God overlinje og kryss. Velstilte, middels føre bein. Bra bevegelser med god bruk av ledd. Noko trong frambeinsføring.
7-7,5-7,5-7-7
24 Ljone Lun
e. Glød u. Vilde Vevle
Eigar og oppdrettar: Jenny Johnsen, Ulvik
Velutvikla åring med godt fjordhestpreg. Fint hovud. Breidt ansett, middels lang hals. Noko flatt kryss, elles god kroppsbygnad med god muskelsetnad. Føre, velstilte bein. Svært gode bevegelsar i skritt og trav, med noko trong frambeinsføring.
8,5-8-8-9-8,5 sløyfe, kv I
Hopper 3 år
25 Birkelid Huldra
e. Kamillas Tord u. Birkelid Tulla
Oppdrettar: Vidar og Jorunn Heggheim, Naustdal
Eigar: Audun Næs og Saija M. Mäntylä, Mauranger
Vakker, oppsynt hoppe av svært god type. Middels lang, velforma hals. Godt markert manke og god overlinje. Elles god kropp med god muskelsetting. Middels føre, velstilte bein med noko flate framkne. Korrekte rørsler med litt lite aksjon.
9-9-8-8-9 sløyfe, kv I, Ekstrasløyfe NFL
26 Symra
e. Kornvin Freidig u. Staslin
Oppdrettar: Sjur Tarjei og Ann-June Fykse, Steinstø
Eigar: Kari Torpe og Frank Ystebø, Ålvik
Høgstilt, langlangd hoppe av svært god type. Noko tungt hovud. Høveleg lang, velforma hals med god skulder. God overlinje og velforma kryss. Uttåa hf, elles gode bein. Gode bevegelsar i skritt og trav.
8,5-9-8-8-8,5 Sløyfe, kv III, Ekstrasløyfe NFL
27 Trudvangs Frøya
e. Kornvin Freidig u. Bakkebruna
Eigar og oppdrettar: Frøydis Haugen, Lindås
Langlangt, vakker hoppe med svært godt fjordhestpreg. Fint hovud. Knapt middelslang, velforma hals. Noko steil bog. God overlinje og velforma kryss. Knapt middels føre bein med noko små ledd. Overbein vf. Noko trange og korte, elles korrekte bevegelsar.
9-9-7,5-7,5-8,5 sløyfe, kv II, Ekstrasløyfe NFL
Hopper 2 år
28 Hedda Ask
e. Kornvin Freidig u. Oleah
Oppdrettar: Torbjørn Kjellevold, Ask
Eigar: Anita F. Anderssen, Reksteren
Langlangt hoppe av bra type. Knapt middels lang hals. Velliggande bog. God overlinje, noko svakt muskelsett kropp. Moderat sabelbeint, elles føre bein. Godt skritt, noko kort trav.
7,5-7,5-7,5-7,5-7,5 Sløyfe
29 Mira Drage
e. Major u. Ronja Drage
Eigar og oppdrettar: Lars Småbrekke, Tørvikbygd
Hoppe av god type. Pent hovud. Breidt ansett hals med noko underhals. Sterkbygd kropp med god muskelsetnad. Knapt middels føre bein. Krokhasa bakbeinsstilling. Korte, stive bakbeinsføringar i skritt og trav.
8-9-7-7-7,5 Sløyfe
30 Kolli Torina
e. Prins Tor u. Oktavia Solberg
Oppdrettar: Anveig Solberg og Reinert Skumsnes, Lonevåg
Eigar: Kristine og Torkil Eidsnes, Isdalstø
Hoppe av bra type. Noko tungt hovud. Steil bog. God overlinje med noko snau muskelsetnad. Inntåa hf. Elles gode og føre bein. Gode rørsler i skritt og trav.
7,5-7,5-8-8-7,5 Sløyfe
Hopper 1 år
31 Nordbustad Stella
e. Dalargutt u. Maggedutti
Eigar og oppdrettar: Selmer Nordbustad, Flatråker
Godt utvikla, langlagt åring av svært god type. God skulder. Lang, velforma hals. God kropp med god overlinje og muskelsetting.
9-9-8-8-8,5 sløyfe, kv I
32 Bondhus Fjellfina
e. Fjell Finn u. Selina
Oppdrettar: Sini Marie Næs, Dimmelsvik
Eigar: Stine og Anne Væhle, Ø. Kvarekvål, Voss
Godt utvikla åringshoppe av god type. Pent hovud. Middels lang, velforma hals. Velliggande bog. God overlinje. Jamn og god kroppsbygnad med god muskelsetnad. Høveleg føre, velstilte bein. Noko korte rørsler i skritt og trav.
8-8-8-7,5-8 sløyfe, Kv IV
33 Nes Tiril
e. Glød u. Nes Mona
Eigar og oppdrettar: Trygve Nes, Rosendal
Oppsynt hoppe av bra type. Pent hovud. God skulder. God kroppsbygnad med god muskelsetnad. Føre, velstilte bein. Godt skritt. Meget godt trav. Åringshoppe med gode rammer, men noko uferdig.
7,5-7,5-8-8,5-8 Sløyfe kv. V
34 Øksnes Ønske
e. Herman u. Ruth
Eigar og oppdrettar: Catrine Aasen, Austrheim
Stor, velutvikla, langlangd hoppe av god type. Pent hovud. Høveleg lang, velforma hals. Sterkbygd kropp med god muskelsetnad. Høveleg føre bein med gode vinklar. Bra rørsler i skritt og trav.
8-8-8-7,5-8 Sløyfe, kv III
35 Smedsmo Oline
e. Hermanto u. Askongen
Oppdrettar: Lill Bente Lian og Ronny Ove Smedsmo, Vågå
Eigar: Gunvor M. Bysheim, Valestrandsfossen
Åringshoppe av god type. Pent hovud. Vel ansatt hals, god bog. God kroppsbygning med god overlinje. Noko uttåa hf, elles gode bein. Gode bevegelsar i skritt og trav.
8-8-8-8-8 sløyfe, kv II