Årets NM var spennande heilt til siste slutt, og etter eit fantastisk arrangement vart det kåra nye Noregsmeistrar.
Tekst og foto: Ingvild Rydjord Hansen
Stord Hestesportlag har den siste veka arrangert eit fantastisk NM. Både publikum og deltakarar har skrytt av arrangementet, som har vore særs godt gjennomført. Arrangørane hadde til og med klart å ordne med strålande vêr heile veka, noko som slettes ikkje er ei sjølvfølge på vestlandet.
NM Junior
Etter første avdeling, LB dressur, var det fjorårets vinnar Silje Indrebø og Råds Gråa som leda NM junior. To av dei andre juniorane fekk også plassering i klassa, Sofie Dahl Kristiansen og Jason Lundgård vart nummer tre og Randi Maud Mork og Bakkens Odin vart nummer sju.
I lett presisjonskøyring fredag var det dei same tre juniorekvipasjane som gjorde det best, og alle fekk plassering i klassa. Randi og Bakkens Odin vart nummer fire, Silje og Råds Gråa nummer fem og Sofie og Jason Lundgård nummer åtte i klassa. Det var Silje som leia samanlagt før tredje og siste avdeling, 80 cm sprang, men her kunne alt skje og ingenting ville vere klart før siste hinder var passert.
Både Randi og Bakkens Odin og Silje og Råds Gråa fekk fire feil i grunnomgongen i 80 cm sprang, medan Sofie og Jason Lundgård rei feilfritt og kom vidare til omhopping. Der satte dei opp tempoet, og vant klassa med over 4 sekund ned til nummer to. Det gav dei nok poeng til å klatre heilt til topps på resultatlista og få tittelen som Noregsmeister junior for fjordhest 2018.
NM Junior
Gull: Sofie Dahl Kristensen og Jason Lundgård
Sølv: Silje Indrebø og Råds Gråa
Bronse: Randi Maud Mork og Bakkens Odin
NM Senior
Det var veteranen Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann som leda NM Senior etter første avdeling, dressurriding, men greinmeisterskapsvinnar Emma Nyløy og Sofin gjorde det så bra i maratonkøyringa at dei låg i leiinga før siste konkurranse. Like bak ho fann vi Sylvia Kallekleiv Langeland og Freddi, Cassandre Bach-Gansmo og Flemming og Kjersti Anette Botnevik og Kornvin Freidig, som alle klatra høgare på resultatlista etter å ha køyrd veldig godt i maraton.
Avslutninga i NM Senior, 80 cm sprang, skulle bli litt meir dramatisk enn ein skulle ønske, og det gjorde det heile veldig spennande. Emma Nyløy og Sofin kunne stikke av med gullet dersom dei rei godt nok i sprangen, men på hinder nummer seks fekk dei ein stopp og Emma hamna i bakken. Dei vart då eliminert i klassa, og medaljen var utanfor rekkevidde.
Etter Emma Nyløy si «ufrivillige avstigning», som speaker sa det så fint, var det Cassandre Bach-Gansmo og Flemming som leda før omhoppinga. I tillegg til Cassandre og Flemming hadde seks andre seniorar ridd feilfritt og kome til omhopping, så her var det veldig opent.
Tre seniorar rei feilfritt i omhoppinga, så Cassandre og Flemming, som var siste startande, hadde presset på seg. Dei hadde god flyt og tok den kjappaste svingen av alle, men med ein bråstopp og fall var det ikkje mogleg for ekvipasjen å halde fram. På same måte og på same hinder som Emma Nyløy og Sofin mista gullet rauk det også for Cassandre og Flemming.
Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann rei ikkje den kjappaste omhoppinga, men dei var feilfrie og hamna til slutt på ein fjerdeplass. Det gav dei nok poeng til å klatre til topps på resultatlista, og ta sitt tredje gull i NM for fjordhest.
NM Senior
Gull: Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann
Sølv: Cassandre Bach-Gansmo og Flemming
Bronse: Kjersti Anette Botnevik og Kornvin Freidig
NM Lag
Noregsmeister for lag er den tredje Noregsmeistertittelen det vert kjempa om under Fjordhest-NM. Ni lag stilte til start i år, og dei skulle konkurrere i LA dressur, middels maratonkøyring og 80 cm sprang, altså dei same klassene som inngår i samandraget til NM senior.
Vinnarlaget, Førde Køyre- og rideklubb, stilte med to lag, og det var førstelaget deira som fekk reise heim med gullmedaljar rundt halsen. Deltakarane på laget var Silje Indrebø og Råds Gråa (dressur), Emma Nyløy og Sofin (køyring) og Maren Rognø Vevatne og Nesviks Liana (sprang).
Sølvet gjekk til Borge Rideklubb med Annike Josefine Mikkelsen og Blåtopps Aron (dressur), Ida Njøs Evensen og Lindegaards Domino (køyring) og Hanne Elise Pedersen og Jakobgardens Hedina (sprang). Bronsen gjekk til Volda Rideklubb med Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann (dressur), Hanne Brunvoll og Liaguten (køyring) og Randi Maud Mork og Bakkens Odin (sprang).
Beste Unge Fjordhest (BUF)
På Fjordhest-NM finns det eigne samandrag for unghestane. I år var spesielt god påmelding i klassa for 4-åringar som hadde åtte startande. Det er gledeleg å sjå at så mange trenar fram unghestane sine for å kunne delta på NM, og at dei gjer det så godt i konkurranse sjølv om dei er unge.
I BUF kan ein velje kor mange av dei tre greinene dressur, sprang og køyring ein vil delta i, og det treng ikkje vere den same personen som startar hesten i dei ulike klassene. Dette gir god moglegheit for å kunne vise unghesten sitt fulle potensial.
Vinnar av BUF for 4-åringar vart Blåtopps Lilja. Ho vart ridd og køyrd av eigar Marte Olsen, og deltok i alle tre greiner. Blåtopps Lilja er etter førstepremiehingsten Ninjar og mor er Lana Skovå. Oppdrettar er Annike Josefine Mikkelsen.
BUF for 5-åringar vart vunne av den raudblakke vallaken Jakobgardens Gnist. Han er etter Kneist, som sjølv har reist heim med medaljar etter eit Fjordhest-NM. Jakobgardens Gnist vart ridd og køyrd av eigar Toril Bakken og Merete Loise Sandem.
Kapstads Herika e. Kuling vart kåra til den beste 6-åringen i år. Ho vart ridd og køyrd av Trine Elisabeth Lillestøl Paulsen, og dei starta også greinmeisterskapen i køyring saman.
BUF 4 år:
1: Blåtopps Lilja e. Ninjar
2: Mys Tingeling e. Ninjar
3: Lykkes Saga e. Myklemann
BUF 5 år
1: Jakobgardens Gnist e. Kneist
2: Mykle Sølja e. Søljo
3: Tangen Silja e. Myromsliens Askeladden
BUF 6 år
1: Kapstads Herika e. Kuling
2: Blåtopps Aria e. Torsetblakken
3 Olivia: e. Greven
Fjordhest-NM 2018 er historie, og vi har fått nye Noregsmeistrar for junior, senior og lag. Det har vore eit stort apparat i sving for å få til denne store konkurransen, både på arrangør- og deltakarsida. Det krev mykje jobb berre for å kvalifisere seg til eit NM, og ein kan nesten ikkje førestille seg den totale innsatsen som er lagt ned i forkant av meisterskapen.
Tusen takk til alle som har vore med på å gjere Fjordhest-NM 2018 til ein fantastisk fjordhestfest. Vi håper å sjå alle saman att til neste års NM!