Landsfinalen for unge fjordhopper vil i år som i fjor verte arrangert under Dyrsku’n i Seljord. Sett av datoen 16. september!
Landsfinalen for unge fjordhopper er eit avlsfremjande tiltak i regi av Norges Fjordhestlag. Her møter dei beste fjordhoppene frå eitt til tre år for å tevle om tittelen som beste unge fjordhoppe 2018.
Kriteria for å kunne delta på landsfinalen er at hoppa er stilt på offisielt unghestsjå i 2018 og at ho har oppnådd karakteren 8 (eller høgare) i heilheit eksteriør. Hoppa treng ikkje å ha stått i kvalitet for å kunne møte på landsfinalen.
Årets landsfinale vert arrangert søndag 16. september på Dyrsku’n i Seljord, Telemark. Under landsfinalen skal alle unghoppene mønstrast klassevis og einskildvis. Dei vil få ein ny dommaromtale (utan talkarakterar), og vert rangerte og premierte. Det vil vere gåve- og pengepremiar til dei beste hoppene i kvar klasse.
Påmeldingsfristen er 27. august 2018. For hopper som er vist på unghestskue og kvalifisert til landsfinalen etter dette er det sjølvsagt mogleg å melde seg på likevel. Vi oppmodar alle til å melde seg på så snart som råd. Her finn du påmeldingsskjemaet til landsfinalen 2018.