Norges Fjordhestlag har fått tildelt 227 094 kroner til barne- og ungdomsaktivitet gjennom FRIFOND-ordninga. Alle desse pengane skal brukast til aktivitetar i lokallaga.

Søknadsfristen er 15. september 2018. Pengane må brukast innan 15. juni 2019.

Kven kan søke?

Alle aktive lokallag tilknytt Norges Fjordhestlag i heile landet kan søke om tildeling, dersom de har aktivitetar for born og unge i dykkar lag.

Lokallaget må fylle følgjande krav:

  • Laget må ha gjennomført årsmøte for føregåande år. Årsmelding og rekneskap må vere sendt Norges Fjordhestlag.
  • Laget må ha betalt kontingent til Norges Fjordhestlag for søknadsåret.
  • Laget må ha minimum 6 teljande medlemmer under 26 år i Norges Fjordhestlag eller Barnas Fjordhestlag.

Merk at det er betalande medlemmer i landslaget med adresse i gjeldande region som er teljande, ikkje medlemmar på lokallaget si eiga medlemsliste. Lister over registrerte medlemmer i NFL/BFL kan ein få tilsendt ved å kontakte Norges Fjordhestlag på e-post: post@fjordhest.no.

Kva kan vi søke midlar til?

Barnas Fjordhestlag-aktivitetar kan vere alt frå kosekveld i stallen til rideturar, fjelldag, kanefart, mønstringskurs, bli kjent med føll-kveld, stallstevne og andre tiltak der born og fjordhesten kan møtast. Det er berre fantasien som set grensene, men tryggleik og trivsel skal alltid vere det viktigaste. Aktivitetar som involverer barn og unge er miljøskapande og kjekt, og ikkje minst er det viktig rekrutteringsarbeid, noko som er med på å sikre fjordhesten si framtid.

Her finn du relevant informasjon om gjennomføring:
Gode råd og krav til gjennomføring (med sjekkliste)
Generelle risikomoment

Korleis søker vi?

Lokallaga kan søkje om tre ulike former for støtte: Drifttøtte, prosjekttilskot og oppstartstilskot. Det er mogleg å søkje om både tilskot til drift og prosjekt same tilskotsår.

Driftsstøtte vert fordelt på alle lag som søker. Pengane skal brukast til aktivitetar for barn og unge.

Prosjekttilskot vert tildelt aktivitetar eller arbeid som kan fremja arbeid med born og unge rundt fjordhesten.  Laga må sende eigen søknad om prosjekttilskot med kort prosjektskildring og budsjett. Skal laget ha fleire aktivitetar i løpet av eit år, skal alle desse førast på same søknadsskjema.

Oppstartstilskot er for nye lokallag. Desse kan også søke driftsstøtte og prosjekttilskot.

Dersom de ønskjer å søke sjekkar de om de fyller kriteria, og fyller ut søknadsskjema. Merk at søknad om prosjekttilskot må ha ei skildring av kva de ønskjer å gjere og eit enkelt budsjett.

Last ned søknadsskjema for Frifondmidlar

Send søknaden til post@fjordhest.no innan 15. september 2018. Dersom de treng hjelp til utfylling av søknad tek de kontakt med Magni Hjertenes Flyum på epost: magni.hjertenes.flyum@norsk-fjordhestsenter.no eller telefon 93422756.

Les retningslinjene for tildeling av Frifond-midlar her.

Rapportering

Rapportering skjer på eige skjema innan 15. juni 2019. Lokallaga må sende rapport om at tildelte midlar frå året før er brukt opp, før eventuelt nytt tilskot kan utbetalast. 
Dersom lokallaget ikkje har brukt midlane i løpet av denne perioden, må midlane betalast tilbake.