Jula er her, og det er berre få dagar att før vi skriv 2019. Året 2018 har vore eit godt år for fjordhesten, med aktive lokallag og optimisme på fjordhesten sine vegne.
I juni arrangerte Stord Hestesportlag ein fantastisk flott Noregsmeisterskap der nokre av dei beste fjordhestane fekk vise seg fram i dansande dressur, spenstig sprangriding og fartsfylt køyring. Vi fekk kåra både Noregsmeistrar, greinmeistrar og BUF-vinnarar. Vi er veldig glade for at vi har fått dyktige arrangørar til Fjordhest-NM både i 2019 og i 2020, og ser fram til å møtast att då.
Under hingsteutstillinga på Nordfjordeid den første veka i mai vart det delt ut heile tre kvite sløyfer. Åtte treårshingstar og to eldre hingstar oppnådde kåringsgrad, og vi gler oss til å sjå mange av dei att på utvida bruksprøver til våren.
I året som har gått har Norges Fjordhestlag arbeidd med fleire store prosjekt. Mellom desse finn ein Prosjekt Kvalitetshest, som har som formål å utdanne unghestar av dei tre nasjonale hesterasane til salsmarknaden, samt hoppelinjeprosjektet der vi har gitt bedekningstilskot til hopper med ein stamme det er verdt å ta vare på. Fjordhesten har fleire utfordringar, og det er viktig å arbeide på fleire ulike måtar for å møte desse.
For andre året på rad har Norges Fjordhestlag fått Frifond-midlar som vi har delt ut til lokallag som ynskjer å arrangere aktivitetar for barn og unge. Dette har vore ein stor suksess, og mange lokallag har hatt stor aktivitet. Takk for den flotte innsatsen de har gjort for å rekruttere fleire fjordhestfolk!
Populariteten til fjordhesten er stigande, og det finns mange annonser på nett der folk ynskjer å kjøpe seg ein fjordhest. Det er kjekt å sjå at dei som er ute etter fjordhest er ulike folk som ynskjer ulike ting – nokre vil ha ein unghest, nokre ein hest som er klar til å starte NM og andre igjen ynskjer ein hest som heile familien kan kose seg med. Vi veit jo at fjordhesten passar ypparleg til alt dette, og er veldig glade for at fjordhesten står øvst på ønskelista til så mange.
Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter sitt gode samarbeid er viktig for fjordhesten, og vi er veldig glade for at vi har kvarandre. På Norsk Fjordhestsenter vert det arbeidd opp mot både avl og bruk, gjennom mellom anna samarbeid med Fjordane folkehøgskule, rideskule for born og vaksne samt seminstasjon. Norsk Fjordhestsenter har også arrangert dommarsamling og oppdrettarkonferanse i året som har gått.
Norsk Fjordhestsenter og styret i Norges Fjordhestlag og vil takke alle som arbeider for fjordhesten. Takk til lokallaga, som skaper aktivitet og rekrutterer nye fjordhestfolk. Takk til dei som har lagt ned stor innsats for avlen gjennom å vise hingst på Nordfjordeid. Takk til alle som promoterer fjordhesten i ulike arenaar – på stemner i inn- og utland, på utstilling, på rideskular over heile landet, på sosiale media og elles der fjordhesten deltek. Arbeidet de gjer er viktigare enn de trur, og utan fjordhestfolk hadde det ikkje vore nokon fjordhest heller.
Norsk Fjordhestsenter og styret i Norges Fjordhestlag vil ynskje alle fjordhestfolk ei fredeleg julehøgtid og eit godt, nytt fjordhestår!