Norges Fjordhestlag ynskjer innspel frå lokallag og medlemmar på kven som bør bli tildelt marknadsføringsprisen i 2019.
Kvart år deler styret i Norges Fjordhestlag ut ein eigen marknadsføringspris til nokon som har gjort ein særleg innsats for og med fjordhesten, og som gjennom sitt virke har marknadsført fjordhesten på ein god måte. Prisen kan gå til ein enkeltperson, eit lag eller ein institusjon.
Tidlegare vinnarar av marknadsføringsprisen er Lene Kragh, Langedrag Naturpark og Fjordane Folkehøgskule.
Styret ynskjer innspel om verdige kandidatar til å motta denne prisen i år. Prisen vil bli delt ut under festmiddagen på hingsteutstillinga.
Du kan tipse Norges Fjordhestlag på Facebook eller på e-post post@fjordhest.no.