Greinmeisterskapen i køyring byr på elegant dressur, fartsfylt maraton og spennande presisjonskøyring. Her trengs ein allsidig hest og ein kusk med full kontroll for å nå heilt til topps.
av Ingvild Rydjord Hansen
Greinmeisterskapen i køyring går i middels DMP – dressur-, maraton- og presisjonskøyring. Totalt 16 ekvipasjer stilte til start under årets NM.
Første avdeling i greinmeisterskapen i køyring er dressurkøyring. Denne klassa vart vunne av Erik Holmin og Stald Kiels Makker, med heile 69,130%. Nummer to blei Monica Bratt og Tysselands Fredrik, og nummer tre Frida Kristin Hansen og Athukens Evina.
Andre avdeling, maraton, er Fjordhest-NM si favorittøving for mange blant både startande og publikum. Arrangøren hadde laga til flotte hinder, nokre på bane og andre i terreng. To av hindera hadde også vatn, noko som vart ei utfordring for mange av dei startande – men kanskje spesielt i dei lettaste klassene.
Maratonkøyringa vart vunne av Emma Nyløy og Sofin foran Signe Hoff Johannesen og Mæhlums Argus. Emma og Sofin låg dermed best an før siste avdeling – presisjonskøyring.
I presisjonskøyring må ein halde tunga beint i munnen, og når det står om ein greinmeistertittel er det lett å bli nervøs. Før presisjonen leda Emma Nyløy og Sofin, med fleire gode ekvipasjer hakk i hel. Nervøsiteten ramma ikkje, og med ei feilfri runde kunne Emma og Sofin kårast til greinmeistrar i køyring – for tredje år på rad!
Resultat greinmeisterskapen i køyring:
1: Emma Nyløy og Sofin
2: Ane Brenfelt Løkkeberg og Søråsens Bårdtefaks
3: Nena Therese Kerner og Heggin
4: Åshild Standnes Magnes og Torsheims Kira