Både kjente og nye fjes dukka opp på bana i greinmeisterskapen i sprang. Til slutt var det den yngste av alle som tok sigeren.
av Ingvild Rydjord Hansen
Greinmeisterskapen i sprang er delt i to avdelingar; ein i 80 cm og ein i 90 cm. Det er det aller siste samandraget som vert avgjort under Fjordhest-NM.
Etter første avdeling i årets greinmeisterskap var det eit, i denne samanhengen, nytt fjes som leda. Andrepremiehingsten Severin med rytter Tone Kvaale rei ei feilfri runde. Like bak låg fire ekvipasjer som kvar hadde fire feil i første avdeling, så her kunne mykje skje.
I andre avdeling rei både Andrine Bøygaard med Rudsmo Dalmin og Mia Christine Haga Jensen med Marleik fine, feilfrie runder. Begge to hadde fire feil i første avdeling, så før si runde hadde ikkje Tone Kvaale og Severin mykje å gå på. Det vart dessverre to riv på ekvipasjen, og dei var ute av konkurransen om sigeren i greinmeisterskapen.
I omhoppinga var det Mia Christine Haga Jensen og Marleik som hadde best tid, og dei vann både klassa og greinmeisterskapen samanlagt. Fjorten år gamle Mia Christine var den yngste ryttaren som starta i greinmeisterskapen i sprang, og det gjer prestasjonen enda meir imponerande.
Resultatliste greinmeisterskapen i sprang:
1. Mia Christine Haga Jensen og Marleik
2. Andrine Bøygaard og Rudsmo Dalmin
3. Tone Kvaale og Severin
4. Julie Elise Trovaag og Aurora Gullfaksdotter
5. Dorthea Solheim og Haukfell
6. Mette Stensgård Lothe og Heimlunds Lieroy
7. Annike Josefine Mikkelsen og Lindegaards Domino