Norges Fjordhestlag vil gjennomføre ei evaluering av utvida bruksprøve i løpet av hausten 2019. Vi har no sendt ut eit brev til alle lokallag, der vi ber dei kome med innspel på dagens ordning.
Utvida bruksprøver har vore i si form sidan 2014, og dagens ordning avløyste femvekerstesten som vart avslutta i 2013. Etter seks års erfaring med tredagarstest ønskjer vi ein gjennomgang, og vil ha innspel og tilbakemeldingar frå lokallag og fylkeslag. Norges Fjordhestlag oppmodar alle lag å delta i evalueringa, og sender ut fem spørsmål som vi håpar laga svarer på. Dei vil vere nyttige i evalueringsarbeidet vidare.
Vi håpar at mange lokal og fylkeslag engasjerer seg, og at gjennomføringa blir ein god, brei og demokratisk prosess. Det er på gang evaluering i dei andre nasjonale raseorganisasjonane, og koordinering mellom dei og Norsk Hestesenter blir ein del av arbeidet vidare. Testen skal avdekke dei arvbare eigenskapane til hingstane.
Avlsplanen for Fjordhest frå 2018 seier dette om utvida bruksprøve:
Utvida bruksprøve
For å oppnå vidare premiering må alle fyrstegongs kåra hingstar gjennomføre godkjend utvida bruksprøve. Utvida bruksprøve skal gje eit sikrare grunnlag for å vurdere brukseigenskapane og lynnet til hingsten. Importerte/innleigde hingstar som har oppnådd fyrstegongs kåring i Noreg, blir kalla inn til utvida bruksprøve på lik linje med norskregistrerte hingstar. Bruksprøver frå utlandet blir godkjende dersom dei er av same kvalitet og kan samanliknast direkte med dei norske prøvene. Hingsteeigarane må sjølve dekke kostnader ved utvida bruksprøve. Hingstar blir kalla inn året etter fyrstegongs kåring. Gjeldande testopplegg går over tre dagar. Ein brukar framandryttar og framandkusk for å vurdere kor ridbare og køyrbare hingstane er.
Dei momenta som inngår i testinga, er følgjande:
- laushopping
- køyring med lett vogn
- arbeidskøyring
- riding i ridehall og i terreng
- bevegelsar og framdrift
- observasjon av oppførsel på stall utanom ved foring (sterotypisk adferd)
- helsevurdering
- heilskapsvurdering
Hingsten skal undersøkjast av veterinær i starten av testperioden. Veterinæren gir kritikk og karakter for helsestatus. Eit dommarpanel vurderer og set karakterar for øvingane under testen. Karakterane blir vekta etter nærare spesifisering, sjå punkt om vekting. På den påfølgjande utstillinga skal det leggast avgjerande vekt på resultata frå bruksprøva, saman med eksteriør, lynne og helse.
Dispensasjon frå utvida bruksprøve
Norges Fjordhestlag kan etter skriftleg søknad dispensere, slik at ein hingst som er kalla inn til utvida bruksprøve får eitt års utsetting. Norges Fjordhestlag avgjer om hingsten kan brukast i avl i dispensasjonsperioden. Hingst som får dispensasjon vil ikkje bli kalla inn på nytt. Eigar må sjølv melde hingsten. Om hingsten ikkje møter til ny avlsvurdering som venta, misser han automatisk avlsgodkjenninga.
I tillegg til dei generelle tilbakemeldingane på utvida bruksprøver, ønskjer Norges Fjordhestlag svar på desse fem spørsmåla i evalueringa:
- Kva er beste alder på hingstane ved gjennomføring av utvida bruksprøve? Testar vi hestane på rett aldersnivå i forhold til prestasjonskravet?
- Korleis kan UB bli bedre tilrettelagt for oppdrettarar og utstillarar og samtidig gje nyttig informasjon til avlsprogrammet?
- Avlsarbeidet for Fjordhest er ein kontinuerleg og langsiktig prosess, og avlsplanen er det vi styrer etter. Kva endringar i den utvida bruksprøva ser de føre dykk kan vere aktuelt å innføre?
- Fjordhesten er ein allsidig hesterase og har mange bruksområde. Bør ein utvida bruksprøve seie kva bruksområde hingsten er godt egna for, og kva endring må eventuelt gjerast for å ha nok grunnlagsinfo for dette?
- Er det andre ting med utvida bruksprøve de vil gje melding om?
Norges Fjordhestlag ønskjer mange innspel frå lokallaga, og ber om at de kjem med dykkar svar innan 15. oktober. Evaluering av utvida bruksprøve vil og vere tema på Haustmøtet i Bodø der medlemmane i laget har høve å kome med sine synspunkt.