Det var med stor glede Norges Fjordhestlag mottok melding om at det er planar om restaurering av stallen på Rosendals Avlsgård.

av Asle Espe

Rundt Baroniet Rosendal i Kvinnherad kommune har det vore historisk sus gjennom fleire hundre år med eit slott som sto ferdig i 1665 og der Norges einaste baroni blei oppretta i 1678. I dette miljøet mellom danske adelsmenn og norske rikfolk fekk Fjordhesten spele ei stor rolle.

I boka «Norske Gardsbruk» skreiv fylkesagronom Henry Oma om hesteavlen: I Hordaland var det fyrst og fremst Baroniet i Rosendal som gjorde mest for å halde fjordhesten rein. Frå midten av 1700-talet hadde dei jamnt to gode avlshingstar av dei beste slektene som fanst, og jamnast ein som var brunblakk og ein som var ulsblakk. Desse hingstane stod til bruk for svært billeg betaling.

Ser ein i dei fyrste stambøkene for hest frå 1860 og utover, finn ein dokumentasjon på kor viktig stutteriverksomheita på Baroniet har vore for fjordhesten. Den første stambokførde fjordhingsten er Rosendalsblakken 1 som var fødd i 1857 på Hoff Rosenkrone. Det er likevel Rosendalsborken 8 som vart den mest kjende, og siden modell for korleis ein fjordhingst skulle sjå ut. Han var fødd i 1863 og sette varige spor etter seg. Den vart som 2 åring utstilt på Voss for første gang og tildelt 1.premie.

Rosendalsborken vart utstilt fleire gongar og skapte begeistring og interesse kvar han kom. Deltaking på ei internasjonal utstilling i Hamburg 1883 viser at hestehaldet på Baroniet var prioritert. På denne utstillinga briljerte Rosendalsborken mellom europeiske hesterasar, og eigar Hoff Rosenkrone hadde god grunn til å vere stolt av hesten. Omtalen av eksteriøret til Rosendalsborken kunne like godt vore skildringa av rasestandarden i dagens avlsplan for Fjordhest.

Rosendalsborken 8

Mot slutten av 1800 talet og første del av 1900-talet var Rosendal Avlsgard eit midtpunkt for avl og oppdrett av hest i Hordaland. Ein periode var der tre 1. premiehingstar på stallen, alle vakre og lettbygde hestar med elastiske og energiske rørsler. Eigarane av avlsgarden var leiande på avl av hest, men og andre husdyr. I inntunet på Rosendal Avlsgard har det vore mange utstillingar frå slutten av 1800 talet fram mot 1980. Det er difor svært viktig at ein får restaurert stallen på Rosendal Avlsgård og slik får moglegheit til å vise han fram igjen.  Om den også kunne vært nytta til framtidige utstillingar vil en viktig del av fjordhesten si kulturhistorie kunne leve videre.

Frå ei utstilling på Rosendal Avlsgård

Norges Fjordhestlag vil trekke fram avlsverksemda på Baroniet som ein unik kulturhistorisk skatt som kan dokumenterast med katalogar, dokument og bilete. Det vil vere av stor verdi å vise fram stallen, lage ei digital formidling av historia og vere eit supplement til dagens aktivitetar på Baroniet med omvisningar, konsertar, foredrag, teater, kunst, overnatting og servering.

Fjordhesten er kulturbærar og nasjonalsymbol, og har vore ein trufast slitar på gardane på Vestlandet. Historia om Fjordhestane på Baroniet ber i seg stoltheit for rasen, og ønskje om å vise den fram på beste måte. Dette er kanskje grunnen til at det vart nettopp den vakre og korrekte Rosendalsborken 8, som fekk pryde logoen til Norges Fjordhestlag og Fjordhorse International.

Norges Fjordhestlag ønskjer lykke til med restaureringsarbeidet og formidling av den unike historia Fjordhesten har hatt på Baroniet. Vi håpar at det offentlege er sitt ansvar bevisst, og er med på å finansiere desse planane. Styret i Norges Fjordhestlag vil støtte arbeidet som er i gang, og bruke våre kanalar til å formidle viktigheita av restaureringa, og framsnakke ei digital formidling av unikt avlsarbeid og livet på baroniet for folk og dyr.