Norges Fjordhestlag søker arrangør til Landsfinalen for unghest 2020. Landsfinalen vert arrangert kvart år, og her møtes dei beste unghestane i landet for å tevle mot kvarandre.
Vi ynskjer at Landsfinalen vert lagt til eit allereie eksisterande arrangement, anten ei utstilling eller eit anna arrangement der fjordhesten har ein naturleg plass. For at flest mogleg skal kunne kvalifisere seg, ynskjer vi at den vert arrangert om hausten.
Vil de arrangere Landsfinalen i 2020? Send søknad til post@fjordhest.no.