Styret i Norges Fjordhestlag har vald å tildele Kristiansand og Søgne rideklubb NM for Fjordhest 2021. Arrangementet er lagt til Åros ridesenter i Søgne, som ligg i idylliske omgjevnadar på Sørlandet.

Det er lenge sidan NM har vore på Sørlandet, og sist det var arrangert i området var i Sandnes tidleg på 2000-talet. Vi syns det er positivt med nye arrangørar, då vi treng at fleire klubbar får erfaring med å gjennomføre eit så stort stemne som Fjordhest-NM, slik at ein unngår høg belastning på enkelte klubbar/lag.

Kristiansand og Søgne rideklubb held til på Åros ridesenter i Søgne, og saman driftar dei stemner og arrangement. Fasilitetane er gode for eit Fjordhest-NM, der dei i tillegg til NM, om ønskjeleg, kan legge til rette for utenomsportslege aktivitetar i tråd med NIF sine retningslinjer.

I  Søgne ligg ridesenteret plassert rett ved sjøen med campingplass og flott strand  i nærleiken med leikeplass. Klubben har også lang tradisjon med å arrangere samlingar og tek ansvar med å tilby bevertning for alle.

Åros ridesenter har både ridehus der underlaget blei oppgradert for få år sidan, og ei flott utebane med Walber botn som vil bli oppgradert til størrelse 40mx 80m. Der er ein nyleg opparbeida ridesti rundt området samt ytterlegare turmoglegheiter for opp – og avskritting. Stallen har godt med boksar, men ved større arrangement er klubb og senter godt rutinerte med å bestille inn teltbokser som blir plassert i umiddelbar nærheit til senter, slik at det er enkelt å få tilgang til vatn, flis og anna for tilreisande.

Norges Fjordhestlag er godt nøgd med at Fjordhest-NM vert arrangert på sørlandet i 2021, og ønskjer arrangøren Kristiansand og Søgne rideklubb lukke til i planleggingsarbeidet.