Norges Fjordhestlag minner om at påmeldinga for årets hingsteutstilling på Nordfjordeid 29. april til 2. mai er open på sidene til Norsk Hestesenter. www.hesteutstilling.no.

Fristen for påmelding er 1. april og vi håpar at mange hingsteeigarar melder inn sine hingstar. Vi håpar at talet hingstar skal vere på same nivå som 2019 med totalt 43 innmelde. Det ligg an til å bli ei stor utvida bruksprøveklasse utifrå tal kåra treåringar i fjor. I tillegg blir hingstane som er fødde i 2012 kalla inn til ny avlsvurdering.

Det vil og vere ei uoffisiell showklasse for 2-årshingstar fredag ettermiddag, der alle som har fått sløyfe i 2019 eller frå unghestskue i forkant av hingsteutstillinga er velkomne til å delta. Fristen for innmelding for desse er 26. april. Eiga lenke for påmelding til dette blir lagt ut i næraste framtid.