Norges Fjordhestlag har valt å avlyse hingsteutstillinga for fjordhest på Nordfjordeid i 2020. – Det vil bli ei form for vurdering av dei yngste hingstane i år òg, seier leiar i Norges Fjordhestlag Hege Sæther Moen og lovar ei løysing som sikrar nye, unge fjordhestar inn i avl i år òg.
Det er koronapandemien som rammar samfunn og arrangement i Noreg og resten av verda som fører til at det i år ikkje er mogleg å gjennomføre den tradisjonelle hingsteutstillinga på Nordfjordeid. Det har vore arrangert hingsteutstilling for fjordhest på Nordfjordeid sidan 1886. Bortsett frå nokre få år før 1965 der utstillinga var andre stader på Vestlandet, har det vore utstilling kvart år.
– Vi forstår at mange har gledd seg til årets utstilling, og mange har arbeidd hardt for å gjere sine hestar klare, men slik situasjonen er no har vi ikkje noko anna val enn å avlyse, seier leiaren i Norges Fjordhestlag.
Stor utstilling i 2021
Dei eldre, kåra hingstane som skulle visast i klasse 1A får automatisk utsetjing til å visast på nytt i 2021. Eldre, ukåra hingstar (klasse 1B) får ikkje vurdering i år, men må gjerne møte att seinare. Hingstane som skulle inn til utvida bruksprøve (klasse 2A) får behalde si avlsgodkjenning for eitt år til, og vert oppmoda om å møte til ny visning og vurdering i 2021.
Arrangørane ser fram til å planlegge for ei større utstilling neste vår, og lovar ein skikkeleg fest for fjordhestentusiastane då. Norges Fjordhestlag sitt årsmøte, som vanlegvis vert gjennomført i samband med hingsteutstillinga, er utsett til hausten.
Unghingstar skal kårast
Det er viktig for rasen å få nye, unge hingstar klare for avl, så å finne ei best mogleg løysing for vurdering av hingstane i klasse 2B og 3 (ukåra hingstar 4-5 år og treårshingstar) er det som vert prioritert no.
– Det er viktig for oss at dei nye hingstane som skal inn i avlen vert vurdert av dommar og veterinær, og vi bruker difor tida fram mot påske til å sjå på korleis vi skal gjere dette innanfor myndigheitene sine retningslinjer, seier Hege Sæther Moen.
Det er viktig at dei som har lyst til å vise hingstar i klasse 2B og 3 melder desse på som normalt innan 1. april. Dei innmeldte hingstar vil få meir informasjon når dette er klart.
Sæther Moen veit at det er stor forståing for det som skjer, og vi håper hingstehaldarar, hoppeeigarar og fjordhestfolk frå inn- og utland held seg friske gjennom dei neste månadane.
– Kanskje det akkurat i vår er tid til å setje føll på hoppa, undrar ho og viser til at det er godkjente hingstar i heile landet og at ein ikkje treng å reise så langt.
Vi vil også minne tilreisande publikum om å hugse å avbestille hotellrom innan 1. april for å unngå gebyr.
Kontaktpersonar for arrangørane:
Norges Fjordhestlag, Hege Sæther Moen, tlf 913 39 538
Nordfjord Fjordhestlag, Anne-Karin Høgalmen, tlf 450 77 044
Norsk Fjordhestsenter, Magni Hjertenes Flyum, tlf 93422756