Norges Fjordhestlaghar fått tildelt 232 040 kroner til barne- og ungdomsaktivitet gjennom FRIFOND-ordninga. Alle desse pengane skal brukast til aktivitetar i lokallaga innan 31.12 2021.

Søknadsfristen er 10. september 2020.

Kven kan søke?

Alle aktive lokallag tilknytt Norges Fjordhestlag rundt om i Norge kan søke om tildeling, dersom de har aktivitetar for born og unge i dykkar lag.

Lokallaget må fylle følgjande krav:

  • Laget må ha gjennomført årsmøte for føregåande år. Årsmelding og rekneskap må vere sendt Norges Fjordhestlag.
  • Laget må ha betalt kontingent til Norges Fjordhestlag for søknadsåret.
  • Laget må ha minimum 6 teljande medlemmer under 26 år i Norges Fjordhestlag eller Barnas Fjordhestlag.

Merk at det er betalande medlemmer i landslaget med adresse i gjeldande region som er teljande, og ikkje medlemmar på lokallaget si eiga medlemsliste. Lokallag kan få informasjon om tal tellande medlemmar tilsendt ved henvendelse på mail til: post@fjordhest.no.

Kva kan vi søke midlar til?

Barnas Fjordhestlag-aktivitetar kan vere alt frå kosekveld i stallen til rideturar, fjelldag, kanefart, mønstringskurs, bli kjent med føll-kveld, stallstevne og andre tiltak der born og fjordhesten kan møtest. Her er det fantasien som set grensene, men tryggleik og trivsel vil alltid vere det viktigaste. Aktivitet som involverer barn og unge er miljøskapande og kjekt, og ikkje minst er det viktig rekrutteringsarbeid, noko som er med på å sikre fjordhesten si framtid.

Her kan du sjå gode råd og krav til Barns Fjordhestlag-arrangement:

Gode råd og krav til gjennomføring (med sjekkliste)

Generelle risikomoment

Korleis søker vi?

Lokallaga kan søkje om tre ulike former for støtte: Drifttøtte, prosjekttilskot og oppstartstilskot. Det er mogleg å søkje om både tilskot til drift og prosjekt same tilskotsår.

Driftsstøtte vert fordelt på alle lag som søker og som fyller krava. Pengane skal brukast til aktivitetar for barn og unge.

Prosjekttilskot vert tildelt aktivitetar eller arbeid som kan fremja arbeid med born og unge rundt fjordhesten.  Laga må sende eigen søknad om prosjekttilskot med kort prosjektskildring og budsjett. Laget kan berre søkje om tilskot til eitt prosjekt per år.

Oppstartstilskot er for nye lokallag. Desse kan også søke driftsstøtte og prosjekttilskot.

Dersom de ønskjer å søke sjekkar de om de fyller kriteria, og fyller ut søknadskjema. Merk at søknad om prosjekttilskot må ha ei skildring av kva de ønskjer å gjere og eit enkelt budsjett.

Last ned søknadsskjema her

Send søknaden til post@fjordhest.no. Innan 10. september 2020. Dersom de treng hjelp til utfylling av søknad tek de kontakt med Magni Hjertenes Flyum på epost: magni.hjertenes.flyum@norsk-fjordhestsenter.no eller telefon 93422756.

Les retningslinjene for tildeling av Frifond-midlar her (lenke til fil)

Rapportering

Rapportering skjer på eige skjema innan 15. januar 2022. Lokallaga må sende rapport om at tildelte midlar frå året før er brukt opp, før eventuelt nytt tilskot kan utbetalast. 
Dersom lokallaget ikkje har brukt midlane i løpet av denne perioden, må midlane betalast tilbake.