Norges Fjordhestlag har tildelt Fjordhest-NM 2022 til Sunnfjord Fjordhestlag og Førde køyre- og rideklubb.
Sunnfjord Fjordhestlag og Førde køyre- og rideklubb skulle ha vore arrangørar for årets Fjordhest-NM, som dessverre måtte avlysast grunna den pågåande korona-pandemien. Laga har etter søknad no fått tildelt Fjordhest-NM for 2022.
Sunnfjord Fjordhestlag og Førde køyre- og rideklubb er erfarne stemnearrangørar som har arrangert Fjordhest-NM fleire gongar, sist i 2016. Anlegget som skal nyttast ligg på Mo og Øyrane vidaregåande skule ei mil nord for Førde, og har gode fasilitetar. I tillegg til fleire utebaner inkludert ei køyrebane på 40×80 meter, maratonbane, travspor og feltrittsløype har det også vorte bygd ein splitter ny ridehall på staden.
Vi ser fram til å møtast i Førde sommaren 2022!