Norges Fjordhestlag valde nytt styre på årsmøtet 9. oktober.

Årsmøtet til Norges Fjordhestlag, som vanlegvis vert avholdt under hingsteutstillinga på Nordfjordeid i mai, vart på grunn av korona-pandemien avholdt under Haustmøtet på Skei i Jølster. Etter årsmøtet ser styret i Norges Fjordhestlag sitt styre slik ut:

Hege Sæther Moen (leiar), Ingvild Rydjord Hansen (nestleiar), Vidar Heggheim, Ben Hjelmervik, Maren Løken, Giljar Groven (1. vara) og June Cecilie Horntvedt (2. vara).

Hege Sæther Moen tok attval som leiar, medan Vidar Heggheim og Ben Hjelmervik ikkje var på val. Maren Løken og Ingvild Rydjord Hansen er vald inn som nye styremedlem, sistnemnde rykka opp frå 1. vara, og det vervet vert no fylt av Giljar Groven. June C. Horntvedt tok attval.

Vi takkar Lisbeth Strandum og Kristine Flittie Romslo, som ikkje tok attval, for arbeidet dei har gjort i styret. Styret ser fram til å verte kjent med dei nye medlemmane, og til å halde fram med å arbeide for det beste for fjordhesten.

Dei nye medlemmane i Norges Fjordhestlag sitt styre; Giljar Groven og Maren Løken