Julenummeret av medlemsbladet «Fjordhesten» er no sendt ut til medlemmane våre.
Årets siste utgåve av «Fjordhesten» er litt tjukkare enn vanleg – du får heile 40 sider med godt stoff å kose deg med i jula. I bladet kan du lese om Haustmøtet og årsmøtet til Norges Fjordhestlag, om endringar i utvida bruksprøver, utstillingsåret 2020 og fleire flotte innsendte saker frå medlemmane våre. Vi har sett av heile ti sider til ei sak om hesten som terapeut, der du kan lese om Linda og Hanne som gir folk hjelp og behandling saman med hesten, og Merete som har hatt veldig god nytte av å få eit behandlingstilbod med hest. I tillegg får du som alltid faste spalter som BFL-nytt og styret informerer.
Redaktøren vil gjerne nytte høve til å takke for alle innsendte bidrag i året som har gått, og til alle som har stilt opp til intervju.
Ynskjer du å motta medlemsbladet «Fjordhesten» fire gongar i året? Meld deg inn i Norges Fjordhestlag HER.