Etter at Kristiansand og Søgne Rideklubb trakk seg som arrangør for Fjordhest-NM 2021 har Norges Fjordhestlag vald å tildele arrangementet til Drammen og omegn rideklubb og Nedre Buskerud Fjordhestlag.
På grunn av usikkerheit rundt pandemien, valde Kristiansand og Søgne rideklubb å trekke seg som arrangør for Fjordhest-NM 2021. Norges Fjordhestlag søkte då etter nye arrangørar, og to meldte seg – Drammen og omegn rideklubb (DOR), saman med Nedre Buskerud fjordhestlag, og Stord Hestesportslag. Begge søkarane har gode anlegg som er tilrettelagde for store stemner, og begge har nyleg arrangert Fjordhest-NM, Stord i 2018 og DOR i 2019.
Styret i Norges Fjordhestlag handsama saka på styremøte 17. desember, og valde å gi arrangementet til DOR og Nedre Buskerud Fjordhestlag. DOR har arrangert fleire store nasjonale og internasjonale stemner i løpet av 2020, og har difor god erfaring i å arrangere stemner under pandemien. Norges Fjordhestlag synes også det er positivt at arrangøren av NM 2021 held til på austlandet, då NM 2022 er lagt til Førde. I tillegg trur vi at vi vil få fleire startande til Nordisk for fjordhest i Sverige i 2021 dersom NM vert lagt til austlandet, dette med tanke på reiseveg for dei fleste ekvipasjane.
Norges Fjordhestlag vil takke for gode søknadar frå to dyktige arrangørar, og ser fram til å møtast i Drammen til Fjordhest-NM i 2021.
Frå Fjordhest-NM i Drammen i 2019