Norges Fjordhestlag har laga informasjonsfilmar om køyreprøve og utvida bruksprøver som vi håper skal vere til god hjelp for dei som skal vise hest.
av Ingvild Rydjord Hansen
Norges Fjordhestlag har i 2020 arbeidd med evaluering av utvida bruksprøver, og dei endelege endringane vart presentert på Haustmøtet i oktober. Medlemmane våre har etterlyst informasjonsfilmar om bruksprøver, og Norges Fjordhestlag har no laga til to videoar – ein om køyreprøve og ein om utvida bruksprøve.
Filmane er laga i samarbeid med Norsk Fjordhestsenter og Norsk Hestesenter. Dei som deltek i filmane er bruksprøvedommarane Knut Karlsen og Frank Skubberud, og Runa Smedsmo og førstepremiehingsten Søljo.
Informasjonsfilmane vart presentert for eksteriør- og bruksprøvedommarar under den digitale dommarsamlinga i januar, og deira innspel er tatt med. Dommarane var svært positive til informasjonsvideoane, og rosa Norges Fjordhestlag for å ha tatt initiativ til å lage dei
Videoane, samt ei skildring av bruksprøvene, ligg no ute på våre nettsider. Vi håper dei kan vere til god hjelp for dei som skal avlegge bruksprøve med hestane sine.