Norges Fjordhestlag kan med glede meddele at det blir landsfinale for unghopper også i 2021. Den vil bli arrangert på Stend laurdag 21. august. 

På landsfinalen møtes landets finaste unghopper for å tevle om kven som er den aller beste. Arrangør av årets landsfinale er Osterøy Fjordhestlag, og den vil bli arrangert same dag som kombinertutstillinga på Stend.

Landsfinalen er ope for unghopper 1-3 år, og det er i år ingen krav til kvalifisering for å kunne delta. På landsfinalen vil det bli lausmønstring og einskilddøming.

Det vert som nemnd arrangert kombinertutstilling på Stend same dag, og det er mogleg å stille unghoppene i vanlege unghestklasser same dag viss ein ynskjer det. Vi gjer merksame på at påmeldingsfristen til kombinertutstillinga er allereie 20. juli.

Arrangør set ei minimumsgrense på 5 påmeldte i kvar klasse. Det vil vere høve til å leige dagbokser på utstillingsområder, og døgnbokser i nærområdet.

Påmeldingsskjema vil bli lagt ut så snart dette er klart.

Har du spørsmål, kontakt Amanda Teigland: amanda_teigland@hotmail.com / 951 54 294

 

Beste treårshoppe på landsfinalen i 2019 – Tyrijenta