Norges Fjordhestlag har sendt ut brev til alle lokal- fylkes- og distriktslag for å be om innspel til revidering av avslplanen.
Avlsplanen for fjordhest vart sist revidert i 2018, men det vart gjort endringar i 2020-2021 (som er markert med gult i avlsplanen). I avlsplanen står det at revidering skal skje kvart 4. år, så tida er inne for å starte prosessen med dette. Nytt utkast skal vere klart for oversending til Norsk Hestesenter og Mattilsynet innan 01.12.2021.
Avlsutvalet ønskjer ein høyringsprosess der lokallaga og medlemane får høve til å kome med innspel. Som utgangspunkt sender vi ut nokre aktuelle og sentrale spørsmål. Svar på desse vil gje oss godt grunnlag for det vidare arbeidet. Samstundes håpar vi òg at medlemane kjem med innspel på andre punkt i avlsplanen som dei meiner bør endrast.
Høyringsfristen er sett til 10.10.2021. Avlsutvalet utarbeider ei oppsummering på innkomne innspel frå fylkes-, distrikts- og lokallag. Styret i Norges Fjordhestlag vil presentere dette framlegget som orienteringssak på haustmøtet i november, før det ev. vert gjort ytterlegare justeringar. Den reviderte avlsplanen skal gjelde frå og med 2022.
Innspela sendast til post@fjordhest.no
Her er nokre spørsmål som vi ønskjer tilbakemelding på:
Spørsmål 1) Kva nytte eller ulempe ser de med vurdering av avkomsgrupper som avlstiltak i framtida?
Spørsmål 2) Eit tiltak som kan redusere innavl er å sørge for at alle hingstar som brukast i avlen får tilnærma like mange avkom kvar, og unngå at enkelte hingstar får mange fleire avkom enn dei andre hingstane (matadoravl). For å oppnå jamn fordeling av hoppene kan det innførast ei kvote på kor mange hopper kvar enkelt hingst har lov til å bedekke.
Kva meiner de om tildeling av hoppekvotar til hingstar i avlen som eit innavlsreduserande tiltak (årlege kvotar eller livstidkvotar, og storleik)?
Spørsmål 3) Bør det være tydelegare kriteria for tildeling av sløyfer og premiegrader på hopper og hingstar i avlsplanen?
Spørsmål 4) Vektlegging av stamme ved kåring.
Dette seier avlsplanen: I spesielle tilfelle kan ein hingst si stamme tilleggas vekt ved kåring/premiering, men berre etter tilråding frå avlsutvalet/styret i Norges Fjordhestlag. Eit samla avlsutval/styre i NFL skal, i god tid før hingstekåringane, vurdere dei innmelde hingstane og informere kåringsnemnda dersom det finst individ som det kan vere aktuelt å verne om når det gjeld stamma. Ei sentral oppgåve er difor å setje seg inn i, og halde oppsyn med, kva slekter som bør vernast om for å sikre ei størst mogleg breidd i populasjonen. For å avgjere om ei slik vektlegging av stamme ved kåring er rimeleg, bør det gjerast ei løypande vurdering av innavlsgraden i populasjonen samla sett. Dersom ei innføring av bruk av optimale bidrag i fjordhestavlen blir realisert, vil dette dekke behovet for systematisk gjennomgang av kvart individ sitt gjennomsnittlege slektskap i forhold til resten av populasjonen.
Meiner de at dette er dekkande for ivaretaking av mest mogleg genetisk variasjon, eller har de andre forslag?
Vi håpar at lokallaga engasjerer seg i høyringa, og kjem med gode tilbakemeldingar på dei endringar de ser føre dykk i planen. Medlemmar som ikkje har tilknyting til noko lokallag har og høve å sende inn uttale.
Beste helsing
Avlsutvalet i Norges Fjordhestlag