Norges Fjordhestlag har etter ein høyringsprosess gjort endringar i avlsplanen som vil vere gjeldande frå utstillingssesongen 2022.

Avlsplanen for fjordhest skal reviderast kvart fjerde år, og den vart sendt ut på høyring hausten 2021. Det kom mange innspel frå lokal- og fylkeslag, i tillegg til at avlsplanen var tema på Haustmøtet.

Det er ikkje eit mål om at ein skal ha store endringar under kvar revisjon, men det kan vere ein må gjere presiseringar eller tilpassingar til dagens situasjon for fjordhesten.

Denne revisjonsrunda har ein kome fram til små endringar. Ein har kome med rettleiande kriterium for tildeling av kårings- og premiegrad, og endra krava for tildeling av avkomspremie. Det vert fødd færre føl no, og det gjorde det naudsynt å gjere desse kriteria meir tilpassa dagens situasjon.

Det er også lagt til eit avsnitt som presiserer at hoppeeigar og hingsteeigar/-haldar er ansvarlege for at det vert registrert resultat av alle bedekningar. Dette er viktig for å kunne overvake fruktbarheita i rasen.

Norsk Hestesenter har godkjent endringane i avlsplanen, og den er oversendt Mattilsynet. I godkjenningsbrevet skriv Norsk Hestesenter følgjande:

«Avlsplanen har i denne revisjonsrunden vært gjennom en god demokratisk prosess i organisasjonen med blant annet to høringsrunder, samt at organisasjonen har rådført seg med oss underveis i prosessen.»

«Norsk Hestesenter finner at faglig sett skiller den reviderte avlsplan for fjordhest seg lite fra tidligere avlsplan. Endringene dreier seg i hovedsak om presisering av utvalgskriterier av hanndyr blant annet. Ellers er det gjort formulerings-endringer og -forbedringer.»

Neste revidering skal etter planen skje i 2025.

Under ser du endringane i avlsplanen markert i raudt. Heile avlsplanen kan du lese her.

4.1.1
Storleik: Det er inga øvre og nedre grense for storleiken, men det er ønskjeleg at hesten er mellom 135 og 150 cm i stangmål mankehøgde. Storleik utover desse måla kan trekkast på rasetype/preg.

5.2. Rettleiande kriterie for tildeling av premiegrad
Eksteriør, brukseigenskapar, lynne og helse/haldbarheit har betydning for individet sin premiegrad i samsvar til punkt 4.
Eksteriøret har størst vekt i avlsmålet, og er rettleiande for tildeling av premiegrad til vaksne individ. Premiegrada kan vippast opp eller ned på bakgrunn av brukseigenskapar, lynne og helse/haldbarheit.

Hingster må ha minst 7 på rasetype/preg for å oppnå avlsgodkjenning.
Elles er det anbefalt for hingster at:
For å oppnå kåring bør hingsten ha 7 i heilheit og ingen delkarakter under 6
For å oppnå 3. premie bør hingsten ha 7,5 i heilheit og ingen delkarakter under 6.5.
For å oppnå 2. premie bør hingsten ha 8 i heilheit og ingen delkarakter under 7.
For å oppnå 1. premie bør hingsten ha 9 i heilheit og ingen delkarakter under 7.

For hopper er anbefalte kriterie:
For å oppnå 3. premie bør hoppa ha minst 6.5 i heilheit og ingen delkarakter under 6.
For å oppnå 2. premie bør hoppa ha 8 i heilheit og ingen delkarakter under 7.
For å oppnå 1. premie bør hoppa ha 9 i heilheit og ingen delkarakter under 7.

Det er ingen rettleiande kriterie for tildeling av sløyfe til unghest, men tildeling av ekstrasløyfe til unghopper følger kriteria for 2. premie.

6.1.1
C-register
C-registeret er for hestar som av ulike årsaker ikkje er kvalifiserte for A- eller B-registeret. Individ i C-registeret har ikkje utstillingsrett. Dei vert tildelte kvitt pass.

6.3. Individregistrering
I avlsarbeidet har både hoppe-eigar og hingste-eigar/hingstehaldar ansvar for at alle bedekkingar samt resultatet av bedekkinga registrerast hos det stambokførande og passutstedande organ (Norsk Hestesenter) innan dei fristar som er sett. Hingste-eigar/hingstehaldar har ansvaret for å sende inn lister over alle hopper hingsten har bedekka inneværende sesong. Hoppe-eigar har ansvaret for å registrere resultatet av bedekkinga. Alle resultat skal registrerast, uansett om hoppa er tom, har kasta, fått levande føl, eller anna.

6.6. Hingster kåret og stasjoner i utlandet
Hopper kan bedekkast i utlandet eller inseminerast med importert semin. Hingsten må oppfylle krava for avstamming som gjeld for norskfødde hestar, og være avlsgodkjende i landet der bedekkinga/sædproduksjonen skjer for at avkomet skal registrerast i Aregisteret. Dette gjeld ikkje dersom hingsten har 0. premie fra hingsteutstilling i Norge, norskfødde avkom av desse vil registrerast i B-registeret i henhald til punkt 6.1.1.

7.1.10 Rettleiande kriterium for bedømming av avkomsgrupper
Hingstar
Avkomsgrad Elite: Minst 2 kåra/premierte hingstar der minst 1 har 1. eller 2. premie. Minst 8 merrar med premiegrad og der minst 5 må ha 1. eller 2. premie.
Avkomsgrad A: Minst 2 kåra/premierte hingstar og minst 5 merrar med premiegrad og der minst 3 må ha 1. eller 2. premie.
Avkomsgrad B: Minst 1 kåra/premiert hingst. Minst 5 merrar med premiegrad.

Hopper
Ingen krav om avkom av begge kjønn.
Avkomsgrad Elite: Minst 4 avkom etter minst 3 hingstar. Minst 4 kåra/premierte avkom med 1. og 2. premie.
Avkomsgrad A: Minst 4 avkom etter minst 3 hingstar. Minst 3 med 1. eller 2. premie.
Avkomsgrad B: Minst 4 avkom der minst 4 må være premierte.

Dette skal vurderast i samarbeid med Norsk Hestesenter og Norges Fjordhestlag.

7.2 Veterinærundersøking av hingstar
(kulepunkt 3) Særskild undersøking av låsing i kneskåla ved 4 års alder. Hesten må då leiast begge vegar i ring i skritt, ryggast og leiast sakte unnabakke minimum fire gonger (der veterinæren serhesten to gonger frå kvar side).

7.3.1. Lausmønstring av hingst i ridehall
Lausmønstring i ridehall blir gjennomført første gong ein vaksen hingst møter til individdømming – der det er praktisk mogleg. Fri visning skal styrke dommarane sine vurderingar av hingstane sine bevegelsar. Hingstane visast i skritt av mønstrar på firkantsporet før dei forlet ridehuset.

9. Avlsregulerande tiltak
[…] Norges Fjordhestlag ønskjer at livstidskvote på hingstar skal vere 70 bedekningar. Søknad om tilleggskvote kan sendast NFL ved spesielle høve.

12.2 Endringsforslag avlsplan
Norges Fjordhestlag sender eventuelle endringsforslag til Mattilsynet innan årskiftet året før endringane er tenkt sette i verk.