Statsråd i Landbruks- og matdepartementet, Sandra Borch (SP) inviterte norsk hestenæring til dialog- og innspelsmøte på Momarken. Representantar frå både Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter deltok.
av Ingvild Rydjord Hansen
«Jeg ønsker å bli bedre kjent med aktører i hestesporten og norsk hestenæring og få innsikt i de muligheter og utfordringer dere opplever» skreiv landbruks- og matminister Sandra Borch i ein invitasjon til fleire av Noregs hesterelaterte organisasjonar. Blant desse var Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter.
For å representere Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter på møtet, deltok Hege Sæther Moen (leiar NFL og nestleiar i styret på NFHS), Asle Espe (tilsett på NFHS og organisasjonssekretær i NFL) og Janne Seilen (vara til styret på NFHS og tidlegare leiar i NFL).
Mykje positivt å seie om fjordhesten
Kvar organisasjon fekk fem minutt til å presentere sin organisasjon. Statsråden ynskte å høyre om situasjonen i den delen av sporten/næringa som organisasjonen arbeider med, positive utviklingstrekk og utfordringar organisasjonen ser.
«Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter har eit tett og godt samarbeid, og det var difor naturleg for oss å halde ein felles presentasjon» seier Hege Sæther Moen, som var den som la den fram.
«Det er veldig mykje positivt å fortelje om fjordhesten» seier Sæther Moen. «Fjordhesten er svært populær for tida, og det er stor etterspurnad etter gode hestar. Å få vise statsråden bilete av stolte deltakarar på Fjordhest-NM, eitt av landet sine største stemner, er stor stas.»
Då kåringslova forsvann i 2015, fekk Norges Fjordhestlag ansvar for alt avlsarbeid for rasen. Etter dette kom fagutvalet for bevaring av nasjonale hesterasar på plass, noko som har ført til meir spesifikke tildelingsbrev til dei nasjonale hestesentera. «Vi har sett ei positiv utvikling for fjordhesten sidan 2015, og kan vise til at dette er mykje på grunn av måten vi har arbeidd på i organisasjonen og ulike stimuleringstiltak til avl» seier Sæther Moen.
Mykje av arbeidet for fjordhesten skjer på lokalt plan, og lagsarbeid har vore svært viktig for fjordhesten i lang tid. «Arbeidet i lokallaga sørgjer for at tradisjonane ved til dømes å ha lagshingst vert halde i hevd, og lokallaga er viktig for overføring av kunnskap om fjordhesten» seier Sæther Moen.
Fjordhesten har også utfordringar
Det finns sjølvsagt også utfordringar ved dagens situasjon for fjordhesten. «Det er svært viktig for oss å få opp talet fødde føl» seier Sæther Moen. «Dette er viktig både for å unngå innavlsproblematikk i rasen, men også for å sørgje for at vi har nok vaksne hestar å tilby marknaden. Slik det er no, er det langt fleire som ynskjer å kjøpe seg fjordhest enn det finns tilgjengelege fjordhestar til sals.»
Tilstanden på Norsk Fjordhestsenter er også noko det vert arbeidd mykje med. Senteret er nedslite, og det treng stor oppgradering av både stallar, rideanlegg og administrasjonsavdeling. Det er sett i gong arbeid med opprusting av senteret, men dette vil ta lang tid og vere svært kostbart.
«Mange fjordhestfolk kjenner seg heime på Norsk Fjordhestsenter, og det er viktig at vi har eit senter som vi er stolte av å vise fram» seier Sæther Moen.
Einige på fleire punkt
Dei andre raseorganisasjonane som deltok, tok opp fleire av dei same utfordringane som Norges Fjordhestlag gjorde. Målet om å auke bedekningstala står sentralt for alle.
Fleire bedekningar vil også føre til fleire hestar på marknaden, noko både Hest og helse og bransjeforeininga for rideskular peika på. Dei vil gjerne nytte fleire hestar av dei norske rasane, men er rett og slett ikkje nok hestar å få kjøpt. Dei sette også fokus på at hesten er viktig for mange grupper i samfunnet, og kanskje spesielt dei som ikkje finn tilbod andre plassar.
Også dei to landbruksorganisasjonane Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag deltok på dialogmøtet. Dei presiserte at hestehaldet i Noreg gir store positive ringverknader og står for mange årsverk i landbruket.
Vart invitert til hingsteutstillinga
Statsråd Sandra Borch var nøgd med dialogmøtet, og sa at ho har fått eit godt inntrykk av situasjonen og utfordringane i hestenæringa. Under oppsummeringa kalla ho seg sjølv for hesteminister, og var klar på at ho ynskjer å halde kontakta med organisasjonane for vidare samarbeid.
Norges Fjordhestlag set stor pris på at Landbruks- og matdepartementet tok initiativ til dette dialogmøtet, og at organisasjonen fekk fortelje om sin situasjon. Norges Fjordhestlag vil gjerne halde fram dialogen med statsråd Borch, og har sendt ein formell invitasjon til årets hingsteutstilling på Nordfjordeid.
«Vi håper at statsråden ynskjer å kome til Nordfjordeid for å delta på hingsteutstillinga og å lære meir om fjordhesten og dagens situasjon for rasen» avsluttar Sæther Moen.
Desse organisasjonane deltok på dialogmøtet:
Bransjeforening for rideskoler, Det Norske Travselskap, Hest og Helse, Landslaget for Dølahest, Landslaget for ordlandshest/lyngshest, Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest, Norges Bondelag, Norges Rytterforbund, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Fjordhestlag, Norsk Fjordhestsenter, Norsk Hestesenter, Norsk Rikstoto