Program for hingsteutstillinga på Nordfjordeid 2023:

Tysdag 2. mai
Frammøte av hingstar som skal ha utvida bruksprøve før kl. 15.00 (Norsk Fjordhestsenter)
Veterinærkontroll av UB-hingstar. (Norsk Fjordhestsenter)

Onsdag 3.mai
10.00: Utvida bruksprøve med rideprøve (Norsk Fjordhestsenter)
Veterinærundersøking (Utstillingsplassen/Øyane)
17.00: Årsmøte Fjord Horse International (Sagastad Vikingsenter)
Etter møtet vert det sosialt samvere og framsyning av historisk fjordhestfilm frå Nordfjord. Arrangementet er ope for alle.

Torsdag 4. mai
09.00: Utvida bruksprøve med køyreprøver (Norsk Fjordhestsenter)
Veterinærundersøking (Utstillingsplassen/Øyane)
14.00-16.00: Årsmøte Norges Fjordhestlag (Nordfjord Hotell)
15.00 Køyreprøver for hingstar klasse 1b og 2b (Utstillingsplassen/Øyane)
17.00: Lausmønstring av alle hingstane (Norsk Fjordhestsenter)

Fredag 5. mai
09.00: Utstillinga tek til på utstillingsplassen i Øyane
– Klassevis mønstring
– Einskilddømming
– Køyreprøver for hingstar i klasse 3
– Stambokmåling og fotografering
15:00: Uoffisiell showklasse for 1- og 2-årshingstar
20.00: Utstillingsmiddag på Nordfjord Hotell

Laurdag 6. mai
09.00: Klassevis mønstring på utstillingsplassen i Øyane
11.30: Opptog av hingstane frå Øyane og gjennom Eid sentrum
12.00-13.00: Barnas Fjordhestlag-aktivitetar med hest i utstillingsringen.
13.30: Kvalitetsoppstilling og premiering på utstillingsplassen i Øyane

Strøyming
Har du ikkje høve til å delta på årets utstilling, kan du følgje delar av den heimafrå. Film frå lausmønstring torsdag vert publisert fredag. Film frå klassevis- og einskildmønstring fredag vert publisert måndag. Laurdag vert det sendt direkte frå klassevis mønstring og premieutdeling.