Styret og aktivitetsutvalet i Norges Fjordhestlag har vedteke kvalifiseringskrav for årets Fjordhest-EM.
Fjordhest-EM 2024 går av stabelen på Ländlicher Reit- und Fahrverein Alsfeld i Tyskland 27. juli-4. august. Adressa til stemnestaden er Hersfelder Straße 80; 36304 Alsfeld.
Fullstendige statuttar for EM finn du her.
Dette er dei norske kvalifiseringskrava som gjeld for årets EM:
All kvalifisering må ha skjedd i løpet av to siste kalenderår, på distriktsstemne eller høgare, og seinast innan påmelding til EM vert sendt.
Dressur:
Junior: To gangar 60 % i minst LA
Senior: To gangar 60 % i minst MC
Sprang:
Junior: To grunnomgangar i 80 cm eller høgare med maks 4 feil til saman
Senior: To grunnomgangar i 90 cm eller høgare med maks 4 feil til saman
Køyring:
Junior: Minst 1 Lett DMP til godkjent resultat
Senior: Minst 1 Middels DMP til godkjent resultat
Allround:
Junior
– Dressurriding: Ein gang 60 % i LB
– Sprang: Ein grunnomgang i 80 cm med 0 feil
– Presisjonskøyring: Ein omgang LB med maks seks feil
Senior
– Dressurriding: Ein gang 60 % i LA
– Sprang: Ein grunnomgang i 80 cm med 0 feil
– Presisjonskøyring: Ein omgang i MB med maks seks feil
Lag
Lag vert tatt ut av Aktivitetsutvalet, og uttak vert basert på resultat i kvalifiseringsperioden, med særleg fokus på siste 12 månader. Skriv i søknaden om du er interessert i å vere med på lag.
Søknad om å delta i EM må vere sendt til aktivitet@fjordhest.no innan 1. mars. Individuelle deltakarar og lag vert tatt ut i mai.
Hei!
Jeg ønsker å være med på EM i dressur senior, og kanskje sprang senior. Er kvalifisert til begge deler og kan stille til lag ved behov.
Går EM over 9 dager ??
Ønsker og starte EM kjøring . Har Fjordingen Major 11. Han var kvalifisert til EM dressur for et par år siden. Vi har stor hestebil og tiden som trengs. Vi er også lærere på hestesport linja ved Hurdalverk folkehøgskole.
Har også startet middels DMP med godkjent resultat
Hei. Planlegger å starte EM senior allround og sprang eller dressur også, Er kvalifisert i alt. Datteren min Linnea vil starte sprang jr og forhåpentligvis også allround jr. Vi begge kan evt stille på lag også