Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter inviterer til oppdrettarseminar på Norsk Fjordhestsenter 3.-4. februar. 

Oppdrettarseminaret er midt i blinken for deg som er interessert i fjordhest og avl, anten du har avla fram føl før eller ikkje. Det vil bli både teoretiske og praktiske demonstrasjonar, og moglegheit til å stille spørsmål til fagfolk om fôring, eksteriør, reproduksjon og andre aktuelle tema.

 

Ein av innleiarane er Rasmus Bovbjerg Nilsen, som skal halde foredrag om prosjektet han har vore leiar for «Karbohydrater i gress og grovfôr – den gode, den onde og den grusomme», som er finansiert av den svensk-norske Stiftelsen Hæstforskning. Under Agria Oslo Horse Show i år vart årets heiderlege omtale gjeve til dette prosjektet.

Rasmus Bovbjerg Nilsen er forskar og arbeider med hesten sin ernæring ved NMBU. Forskarane bak prosjektet har undersøkt og analysert næringsinnhaldet i seks ulike gassartar. Nok eit høgaktuelt tema, påpeikar stiftelsen, då flere livsstilsjukdomar har ein klar samanheng med inntak av karbohydrat i fôr. Prosjektet viser blant anna at innhald av sukker og fruktan kan vere vanskeleg å forutseie, og resultatet frå studiet er viktig for auka hestevelferd.

Program for konferansen:

Laurdag:

9.00-11.00   Samling i ridehallen og praktisk demonstrasjon av eksteriør. Mange unge hestar deltek og vi har fokus på form, utvikling og potensiale.  Det er mogleg å sleppe i grupper. Eksteriørdommar Jodvar Herheim, som har lang erfaring med fjordhest og døl, leiar sekvensen. Rasmus Bovbjerg Nilsen vurderer haldet på gruppa.

11.00-11.20 Kaffi og kaker i kantina

11.20-13.00 Presentasjon av prosjektet ved NMBU ved Rasmus Bovbjerg

13.00 13.45 Lunsj

13.45-14.30 Handtering og trening av unghest fram til ein set hesten i regelmessig trening. Bruk av miljøløype ved NFHS. Vurdering av hald ved Rasmus B. Nilsen

15.00 Prosjektet Fenomen: Fertilitet hos norske hesteraser. Veterinær Ingrid Holmøy orienterer om status

16. 00 Kva er viktig framgangsmåte for å få hoppene drektige? Ved stasjonsveterinær NFHS Torbjørn Nes Hjelle.
Holdet sin innverknad på resultatet. Ved Rasmus Bovbjerg Nilsen

Søndag:

9.00-10.30 Presentasjon av vaksne premierte dyr. Vi ser på gode avlskombinasjonar mellom hoppe og hingst. Ved NFHS og dommar Jodvar Herheim

10.45-11.30 Praktiske råd til eit godt oppdrett av fjordhest. Kva kan raseorganisasjonen Norges fjordhestlag bidra med i rådgjevingsarbeidet?

11.30- 12.30 Fôring av hestar. Grasslag, mengde og analyser ved Rasmus Bovbjerg Jensen

12 .30 – 13.30 Lunsj med påfølgande oppsummering, evaluering av konferansen

For nærare informasjon ta kontakt med Norsk Fjordhestsenter 57 86 48 00 eller på post@norsk-fjordhestsenter.no. Dersom du ønskjer å ha med deg eigen hest på kurset, ber vi deg ta kontakt med Norsk Fjordhestsenter dersom du har behov for boks.

Pris for deltaking på kursdelen er kr. 950. Påmelding skjer via Deltager.no.   

Velkomen til ei trivelig og interessant kurshelg!