Frå 2023 har Norges Fjordhestlag avtale om at vi kan sleppe fjordhingst i Sikkilsdalen annakvart år. Det krev store ressursar å halde slepptradisjonen i Sikkilsdalen i hevd, og Norges Fjordhestlag har difor stilt oss til disposisjon for enkelt dugnadsarbeid i Sikkilsdalen i sommar. Til dette treng vi di hjelp!

Sikkilsdalen ligg vakkert til i Nord-Fron kommune i Innlandet. Her har det vorte halde årvisse hingsteslepp i over 150 år, og den norske kongefamilien har ei eiga hytte her.

Det er følgjande arbeidsoppgåver som må gjerast i sommar:

Før sleppet 22. juni: Oppgradere grind og gjerder ved Prinsehamna, samt hogging av trasé (her vil det trengs motorsag, greinsakser og ev. motorljå).

Veke 34 og 35: Måling og faste tilsynsoppgåver.

Etter inntak: Brenning av kvisthaugar. Dette er tidkrevjande arbeid, då det er store haugar som har ligge lenge.

Før sleppet kan vi ikkje vere behjelpelege med overnatting for dugnadsfolk, men dette kan ordnast under og etter sleppet.

Har du moglegheit til å delta, eller har du fleire spørsmål? Ta kontakt med leiar i avlsutvalet, Vidar Heggheim på telefon 97 15 16 49.

Frå slepp med Birkelid Owen i Sikkilsdalen 2023. Foto: Ingvild N. Sveen